Det har ikkje blitt mange minutta på banen for John Arne Riise i årets Premier League-sesong, men etter trenarskiftet har det blitt to kampar frå start.
Under Martin Jol var Riise heilt ute i kulda, men
– etter ei grufull sesongopning. Ein annan nederlendar i René Meulensteen tok over.Med Meulensteen bak roret fekk Riise tillit igjen. Mot Tottenham onsdag blei det tap 2–1 i Meulensteen sin første kamp som manager, men i dag søndag blei det siger – igjen med Riise frå start.
– Det har vore frustrerande. No ser det bra ut for meg, og eg er tilbake på laget, sa Riise til TV2, ifølgje NTB.
Hadde seks tap på rad
Før kampen låg Fulham på nest siste plass i Premier League, med 10 poeng og berre Sunderland bak seg.
På dei siste seks kampane før sigeren mot Aston Villa stod Fulham med berre tap. Dermed blei 2-0-sigeren ekstra etterlengta.
Sigeren blei sikra i løpet av den første halvtimen av kampen.
Først blei 1–0 sett i mål av Steve Sidwell etter 21 minutt. Sidwell blei spelt gjennom, før han på vakkert vis fekk vippa ballen i mål. Berre ni minutt seinare kom 2–0 då Dimitar Berbatov la ballen i mål frå straffemerket.
Snytt for straffe
Fulham styrte kampen i både første og andre omgang, men 2–0 stod seg til fløyta gjekk på Craven Cottage.
Likevel kunne Aston Villa ha redusert etter 84 minutt, då Gabriel Abonglahor gjekk i bakken. Aaron Hughes takla Villa-angriparen, og reprisane viste at han ikkje var nær ballen.
Siger blei det uansett for Fulham. Tre etterlengta poeng gjer at laget klatrar forbi Crystal Palace med betre målforskjell og 13 poeng. Laget ligg no på 18.-plass, medan Aston Villa ligg på 10.-plass med 19 poeng.