Riise med ny rekord

I mange år har Claus Lundekvam vore nordmannen med flest spelte Premier League-kampar. Laurdag gjekk John Arne Riise forbi på lista.

John Arne Riise

Frå før har John Arne Riise rekorden for flest norske landskampar. Laurdag blei han nordmannen med flest kampar i Premier League.

Foto: Bogdan Maran / Ap

Det skriv Bergens Tidende

Riise starta kampen, saman med Brede Hangeland, då Fulham møtte Norwich på bortebane laurdag. Alexander Tettey starta kampen for Norwich.

Kampen enda 0-0, og med norske auge er det nok Riise sin Premier League sin rekord som vil bli hugsa. Han spelte nemleg sin 291 PL-kamp.

Claus Lundekvam har hatt rekorden med sine 290 kampar for Southampton.

John Arne Riise

John Arne Riise har hatt ei svært suksessfull og lang karriere i utlandet. Mest kjend er han frå tida i Liverpool, for tida spelar han i Fulham.

Foto: Alastair Grant / Ap

Fotball

Oppsummert

11.00: Uttak av nødlandslaget, som spiller borte mot Østerrike onsdag kveld.

På pressekonferansen: Leif Gunnar Smerud, Pål Bjerketvedt, Lise Klaveness og Gro Tvedt.

  • LSK Kvinner får karanteneunntak

    Helsedepartementet bekreftar at LSK Kvinner slepp innreisekarantene etter meisterligakamp i Kviterussland. Kampen mot Minsk skal skje 9. eller 10. desember. Berre nokre få dagar seinare skal laget møte Vålerenga i cupfinalen på Ullevaal 13. desember.

    Thea Kyvåg
    Foto: Ørn E. Borgen / NTB
  • To norske nominerte til Fifa-pris

    Barcelona-proffen Caroline Graham Hansen er ein av 11 spelarar som kan bli kåra til årets spelar av Det internasjonale fotballforbundet. LSK-trenar Hege Riise har også blitt nominert, saman med sju andre høgprofilerte trenarar.

    Landskamp fotball kvinner: Norge-England (2-1).
    Foto: Marit Hommedal
  • Nytt koronatilfelle i Jerv

    Fotballklubben Jerv har fått en ny spiller smittet av korona. Laget er allerede i karantene, og det får ingen nye følger for serieoppsettet.

    Fra før er klubbens kamper mot Åsane og Grorud utsatt på grunn av koronasmitte. Jerv opplyser på sine nettsider om den nye positive koronatesten.

    1. divisjon fotball 2020: Tromsø - Jerv (1-0)
    Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB
  • Gullballen til Zlatan for 12. gong

    Zlatan Ibrahimovic (39) har fått den svenske Gullballen for 12. gong. Chelsea-spelaren Magdalena Eriksson fekk Diamantballen for aller første gong under ein seremoni i kveld.

    Zlatan, som no spelar for AC Milan, har ikkje fått denne utmerkinga sidan 2016, året då han gav seg på landslaget.

    Eriksson (27) er kaptein på Chelsea, som tok ligagull i England i år. Ho har også 60 landskampar bak seg.

    Prisane er det Aftonbladet og det svenske fotballforbundet som står bak.

    Zlatan Ibrahimovic
    Foto: Ciro De Luca / Reuters