Arsenal-manager Arséne Wenger vil at Håvard Nordtveit skal leigast ut til ein norsk klubb, skriv Bergensavisen.
- Meir speletid
Avisa møtte Wenger i London i går, og då stadfesta han at klubben vurderer å leiga ut stortalentet frå Vats i Rogaland.
Les:
- Eg ønskjer at Håvard skal få meir speletid. Det er ikkje avgjort kva klubb han skal gå til, og det er heller ikkje sikkert at det blir noko av, men det er dette me jobbar mot, sa Wenger.
Truleg er Lillestrøm og Brann dei mest aktuelle klubbane for Nordtveit. I følgje avisa kan ei avtale bli klar alt i dag.
Sjefen sjølv kom til Haugesund
Håvard Nordtveit spelte for FK Haugesund, då Arséne Wenger kom til Haugesund sommaren 2007 for å kjøpa han. Eit par dagar seinare var Nordtveit Arsenal-spelar med fireårskontrakt.
Sidan den tid har Nordtveit vore kaptein på Arsenal sitt reservelag. Han har også vore utleigd til den spanske andredivisjonsklubben Salamanca, utan å få særleg speletid der. 18-åringen har fleire landskampar for Noreg på ulike aldersbestemte nivå.