Kevin Larsen og Hønefoss hadde klart kvalikplass med siger, men tapte til slutt 3-2 i Skien.
Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpixSlik var nedrykksdramaet:
- Brann–Tromsø: 4–1
- Odd–Hønefoss: 3–2
- Viking–Sarpsborg 08: 2–1
- Vålerenga–Sandnes Ulf: 2–0
- Sogndal–Aalesund: 1–2
Henrik Helmke (bak) og Zdenek Ondrasek deppar etter tap i Bergen og direkte nedrykk.
Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpixPiotr Leciejewski stod som ein levande vegg då Brann vann 4–1 over Tromsø. Utover i kampen gjekk lufta heilt ut av «Gutan».
Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpixTap etter tap for dei nedrykkstruga
Både Hønefoss og Tromsø stod med 29 poeng før siste serierunde. På kvalikplassen låg Sarpsborg 08 med 31 poeng, medan Sandnes Ulf, Sogndal og Vålerenga alle hadde 33 poeng.
Berre Vålerenga gjekk sigrande ut i siste serierunde i kamp mot Sandnes Ulf.
Utanom at Brann og Start bytta plass, den åttande og niande plassen i Eliteserien, er tabellen uforandra etter siste serierunde.
Både i topp og i botn.
- Les også:
- Les også:
Polsk vegg i Bergen
Då alle laga framfor tapte, er det nok ekstra surt for både Tromsø og Hønefoss med tap. På Brann stadion var det ein Piotr Leciejewski i storform som øydela.
I ein fartsfylt kamp var det Brann som tok leiinga ved Birkir Sævarsson i det 21. minutt, før Thomas Kind Bendiksen utlikna til 1–1 på straffe tre minutt seinare.
Etter ein gigantisk Tromsø-sjanse, der Leciejewski varta opp med keeperspel i verdsklasse, sette Erik Huseklepp 2–1 i nettet frå straffemerket.
Tromsø jaga og jaga på for utlikning og leiing, men Brann sin polske keeper var ein levande vegg. Lufta gjekk etter kvart ut av «Gutan», og Brann la på til 3–1 ved Amin Askar og 4–1 ved Håkon Lorentzen.
Stortapet i Bergen gjer at Tromsø må ta den svært tunge vegen ned til 1. divisjon etter 11 år i Eliteserien.
Saka held fram under bildet.
Det blei heilsvart for Øyvind Hoås og Hønefoss. To gonger hadde laget frå Ringerike leiinga i Skien, men laget tapte til slutt 3–2. No må dei ned i 1. divisjon.
Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpixFrode Johnsen blei toppscorar i Eliteserien med 16 scoringar, samt Hønefoss sin overmann i 3-2-sigeren i Skien. Her i duell med Helge Haugen (liggande).
Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpixTo kjappe Odd-mål øydela
Hønefoss har lenge sett fullstendig dødsdømde ut, men ein grei haust har gjort at laget frå Ringerike hadde sjansen i siste serierunde – borte mot Odd.
Då både Tromsø og Sarpsborg 08 tapte, såg det ved to høve svært lyst ut for Hønefoss. Dei var nemleg i leiinga med både 0–1 og 1–2.
Hønefoss tok leiinga etter ni minutt ved Tor Øyvind Hovda, og håpet hadde fått liv. Steve Clark scora sjølvmål til 1–1 etter 33 minutt, men etter 56 minutt sende Alexander Mathisen ballen i mål til 2–1 og ny jubel.
Kampen var derimot ikkje over, og i siste tredel av kampen sette Odd inn presset. Etter 75 minutt kom 2–2 då Herolind Shala banka ballen i mål.
Før siste serierunde stod det likt i kampen om toppscorartittelen, der både Frode Johnsen og Abderrazak Hamdallah hadde 15 mål.
Den tittelen ville ringreven Johnsen ha for seg sjølv, og etter 79 minutt heada han inn sitt 16. mål for sesongen. Målet forsegla i tillegg Hønefoss si skjebne.
Laget rykte ned i 2010, men rykte rett opp igjen året etter. I 2012 heldt dei plassen sin så vidt det var. I år går dei rett ned saman med Tromsø.
Rune Almennning Jarstein stod glimrande i det som kanskje var landslagskeeperen sin siste Viking-kamp.
Foto: Carina Johansen / NTB ScanpixRota bort sikker plass på overtid
Då både Hønefoss og Tromsø etter kvart låg trygt plassert på direkte nedrykk, blei spenninga i botnen rundt kven som ville ende på kvalifiseringsplassen.
Sogndal tapte mot Aalesund, men låg uansett greitt an med betre målforskjell enn Sandnes Ulf og Sarpsborg 08. Sandnes Ulf på si side blei mange nummer for små på Ullevaal mot Vålerenga.
Då låg alt til rette for at Sarpsborg 08 kunne klatre opp på trygg plass.
Etter 77. minutt skjedde det bortefansen håpte skulle skje på Viking stadion, då Martin Thømt Jensen sette 0–1 i mål åleine med Rune Almenning Jarstein.
Jarstein, som vil vekk frå Viking etter sesongen, stod svært godt i det som kan bli hans siste kamp. Éi scoring blei det derimot, men på overtid fekk Sarpsborg svi.
Først sette Benjamin Sulimani inn 1–1 i det 90. minutt, før Vidar Nisja følgde opp med 2–1 fire minutt på overtid.
Sigeren sikra Viking femteplassen framfor Molde, samstundes som den gjer at Sarpsborg 08 må ut i kvalifiseringskamp mot Ranheim. Veslebror i Trøndelag slo Mjøndalen 4–1 i kampen om playoff-plassen tidlegare i dag.
- Les også: