NRK Meny
Normal

"Molde B" utan sjanse i Romania

Moldes svært unge og reserveprega lag var utan sjanse mot Steaua i Romania, men klarte å halde tapssifra nede på 2–0.

Moldes Davu Claude Angan i kamp mot Steaua-forsvaret

Moldes Davy Claude Angan fekk ikkje mange ballar å jobbe med. Her er han likevel i kamp med Steauas forsvar.

Foto: Vadim Ghirda / Ap

Steaua dominerte stort før pausen, og kunne lett leia meir enn 2–0. Molde vart tvinga til å kjempe ein forsvarskamp.

Molde-trenar Ole Gunnar Solskjær vekte oppsikt då han for nokre dagar sidan sa at han ville stille med eit svært reserveprega lag i denne kampen. Seriekampen mot Rosenborg søndag er viktigare.

- Men nokre av unngutane vaks utruleg i kveld. Dei fekk det tøft i første omgang, men det gjekk bra etter kvart, sa Solskjær.

Han var ikkje veldig misnøgd.

- Vi har tre poeng, og har framleis gode sjansar til å gå vidare, sa Solskjær.

12 spelarar trena dermed heime i Molde. Mellom dei var Magnus Wolff Eikrem, Espen Bugge Pettersen, Vegard Forren og Daniel Berg Hestad. Ikkje mindre enn sju tenåringar var på bana for Molde.

- Dei fekk det tøft før pause. Men andre omgang var absolutt godkjend. Da gjer gutane ein kjempejobb. Eg er stolt av dei unge, seier Magne Hoseth, som såg kampen heimanfrå. Han er ute etter ein liten kneoperasjon.

Steaua jubler

Det var heimelaget Steaua som kunne juble

Foto: Vadim Ghirda / Ap

Molde såg ut til å ri av den verste stormen den første halvtimen, då heimelaget slo til to gonger på to minutt. Først scorar stopparen Vlad Chiriches på eit brassespark, så dobla Raul Rusescu ved å styre inn eit langskot.

Redda straffe

Drygt ti minutt etter pausen felte Magne Simonsen Alexandru Chipicu, og Steaua fekk straffe. Den redda Moldes keeper Ole Söderberg glimrande. Söderberg redda også mange andre store sjansar, og var hovudårsaka til at Steaua vann berre 2-0.

Likevel var andreomgangen mykje meir positiv for Molde enn den første hadde vore. Børre Steenslid hadde den største sjansen for gjestene, men lykkast ikkje heilt.

Steaua verka etter kvart også nøgde med kvelden, og skapte ikkje allverden i sluttfasen av kampen. Moldes ungdomar klarte dermed å halde nullen etter pause.

Alt i alt var likevel ikkje sigeren truga for heimelaget, som leier gruppa klart.

I den andre kampen i gruppa spela Stuttgart og FC København 0-0. det passa Molde godt.

Artikkelen blir oppdatert!

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.