NRK Meny
Normal

Rekorderstatning til Enerly

Dagfinn Enerly fekk 9,5 millioner kroner etter nakkebrotet i Kristiansand.

Dagfinn Enerly
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Dagfinn Enerly har fått tilkjent 9,5 millioner kroner i erstatning etter skaden han fekk som fotballspelar i Kristiansand 29. oktober 2005.

- Det har aldri blitt betalt ei slik erstatning til ein norsk idrettsutøvar. Men vi har heller aldri tidlegare hatt ei like tragisk sak, seier Knut Riisa til avisa. Han er advokat for forsikringsselskapet Protector og motpart til Dagfinn Enerly.

Les også: Enerly alvorlig skadd

Les også: - Sterkt pengefokus rundt Enerly

Les også: Enerly brakk nakken

Fredrikstad-spelaren skal ha fått betalt ut pengane i januar.

Enerly øydela nakken i oppgjeret mellom Start og Fredrikstad på Kristiansand Stadion i oktober 2005. Sidan då har 35-åringen vore i lengre perioder på Sunnaas sjukehus for rehabilitering.

Dagfinn Enerly har framleis kontrakt med Fredrikstad Fotballklubb. Til hausten lanserar han ei bok der han fortel si historie frå den tøffe tida etter skaden.

Fotballnyheter