- SLIK VAR KAMPEN: Brann - Aalesund 2-1
– Eg meiner at han ikkje er god nok. No er Leeds eit Championship-lag, men i Premier League skal han få slite, seier Kjetil Rekdal til TV2.
Sundag måtte Rekdal sjå Aalesund tape mot Brann i Bergen.
Ein av scoringane mot tangotrøyene i heimelagets 2-1-triumf kom frå nettopp Rudolph Austin, som har levert varene i nok ein sesong for dei raudkledde.
- Kva meiner du? Er Austin god nok for øvste nivå i England?
Avslo bod
Den siste tida har Championship-klubben Leeds vore på banen, og lagt inn eit bod på rundt to millionar for spelaren.
Det har Brann takka nei til. Dei meiner spelaren er verdt meir.
Uvisst om han har spelt sin siste kamp
Austin sjølv har ein draum om å få spele i England, og kan raskt hamne i ein klubb som Leeds.
Men på øvste nivå har han ingenting å gjøre, meiner altså Rekdal, som er ihuga Leeds-fan.
Det er uvisst om Austin no har spelt sin siste kamp for Brann. Trenar Rune Skarsfjord var ikkje i stand til å seie noko om når jamaicanaren er ferdig i bergenslaget.
– Vi får sjå kva som skjer framover. Leeds har vore litt lunkne den siste tida, seier Skarsfjord.