- Dersom det er trenaren som er problemet, er det greitt. Då går eg på dagen, sa han han til NRK i går kveld. - Eg gidd ikkje reise Noreg rundt for å bli pissa på og driten ut slik som no, sa han då.
Men på dagens oppvaskmøte med spelarane og klubbleiinga sa han at utspelet nærmast var eit spel for galleriet.
- Eg ville framprovosere ei endring i haldninga til spelarane, og få ein reaksjon frå dei, sa Rekdal på treninga måndag føremiddag.
Vålerenga ligg rett over nedrykksstreken etter tapet for Fredrikstad i går, og Rekdal beklagar overfor supporterklubben Klanen dei svake resultata den regjerande seriemesieren har hittil i år. Vålerenga har vunne berre ein av dei 12 siste kampane.