Det betyr også at Real Madrid er klar for åttedelsfinaler i årets meisterliga, etter at Shakhtar Donetsk slo Malmö i den andre kampen i gruppa i kveld.
Det var heilt klart Paris Saint-Germain som burde vunne klart storkampen i Madrid. Dei overkøyrde Real totalt. Men sjansesløseriet var ufatteleg i den svært underhaldande kampen på Santiago Bernabeu.
– Dei hadde mykje ballinnehav og gav oss mange problem, vedgjekk Sergio Ramos. – Vi fekk tre svært viktige poeng, men vi må bli betre enn dette.
Real gåvepakke
Og så svikta keeper og gav Real ein gåvepakke av dimensjonar ti minutt før pause:
Kroos skyt, men ballen treffer Thiago Silva og sprett inn mot Kevin Trapp. Han bommar totalt, ballen går ut til Nacho medan Trapp er på full fart ut. Nacho trillar dermed ballen enkelt i mål frå spiss vinkel.
Totalt mot spelets gang – men Real-leiing likevel. Og innbytar Nacho hadde vore på bana i berre tre minutt.
Fyrverkeri før pause
Første omgang vart eit fyrverkeri. PSG tok initiativet, skapte sjansar, og pressa heimelaget på defensiven.
Ikkje minst etter at Real scora, valsa PSG over heimelaget og skapte sjanse på sjanse. At Real framleis leia ved pause, var ufatteleg.
Andre omgang heldt fram som den første. PSGs press for utlikning vart større og større, og to gonger small ballen i stengene. Mellom anna hadde Angel di Maria eit knallhardt skot i tverrliggaren like før full tid.
Begge laga måtte byte ut skadde spelarar i løpet av den første halvtimen. PSG mista Marco Verrati og Real måtte sjå Marcelo hinke av bana.