– Personleg vil eg ranka denne kampen svært høgt, eg har spelt store kampar med Chelsea, men denne kampen var spesiell. Dette er historias største kamp for denne klubben. Vi hadde publikum bak oss, og gjorde ein fantastisk kamp i 90 minutt, seier Schürrle til Viasat.
Tvilsom straffe
Wolfsburg sjokkerte Real Madrid etter oppturen Zidanes menn opplevde i El-Clasico triumfen mot Barcelona i den spanske serien.
Meistrane frå 2014 var likevel det beste laget på Volkswagen Arena det første kvarteret.
Spanjolane kunne fort ha leia 2-0 etter eit par feite sjansar, samt ei mogleg straffe som Gareth Bale skulle hatt.
Men i staden kom straffesparket den andre vegen etter 18 minutt.
Casemiro snubla i ballen og eigne bein då han prøvde å stoppe eit innlegg mot André Schürrle. Men det var neppe kontakt mellom han og motspelaren, som falt.
Rodriguez sendte uansett heimelaget i føringa, og berre sju minutt seinare auka tyskarane leiinga.
Det venta stormløpet mot Wolfsburg-målet kom aldri i 2. omgang. Real Madrid hadde mykje ballen, men klarte aldri å spele seg til dei store sjansane.
Det gjekk utover humøret til Christiano Ronaldo som blei surare utover i omgangen.
Kampen om semifinaleplassen er framleis open, men Wolfsburg har eit meget godt utgangspunkt før returen i Madrid.
– For oss var nøkkelen å bruke dei romma som vi fekk når vi forsvarte oss. Midtbana vår var fantastisk i dag og vi klarte å få våre raske spelarar i gang og scora eit par mål. Men vi har berre spelt den første kampen og det blir vanskeleg for oss i Madrid, seier Andre Schürrle.
– Vi forventa å vinne kampen, men ting som dette kan skje i fotball, men vi er berre halvvegs, og vi har ein sjanse til å snu dette, seier Garteh Bale til Viasat.