NRK Meny
Normal

Her held han Rosenborg inne i sølvkampen

Rosenborg klamrar seg fast til sølvkampen etter 1-0 mot Odd i Skien søndag kveld med sin femte siger på rad.

Jørgen Skjelvik

Jørgen Skjelvik scora målet som gir Rosenborg fraleis sølvsjanse

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Ti minutt etter pausen scora Jørgen Skjelvik målet som heldt Rosenborg inne i sølvkampen. Han vart spela fint fri, runda keeper og trilla ballen i ope mål.

Forsvarsspelaren som vart brukt på kanten i denne kampen, var eitt av dei beste offensive kreftene hos Rosenborg.

– Med den farten Skjelvik har, kan han brukast kvar som helst. Dersom eg held fram i jobben, må vi setje oss ned og diskutere kvar han skal spele framover, seier RBK-trenra Kåre Ingebrigtsen til NTB.

Skuffa framfor rekordpublikum

Odd har allereie sikra medalje for første gong på øvste nivå. Men søndag skuffa dei i kampen for å sikre sølvet framfor 11.500 på tribunene i Skien.

Dag-Eilev Fagermo

Odd-trenar Dag-Eilev Fagermo fekk ikkje sjå Odd sikre sølvet på heimebane. Men sjansen er der framleis

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Odd-trenare Deg-Eilev Fagermo var skuffa.

– Vi spela ein av våre svakaste kampar for sesongen. Eg veit ikkje kvifor, men det verkar som om vi har blitt litt mette etter at vi sikra medalje. Fleire av dei sterkaste spelarane våre stod ikkje fram, sa Fagermo til NTB.

Skilnaden på sølv og bronse er nesten tre millionar kroner i premiepengar.

– Dette må vere det svakaste Odd har levert på heimebane i år, sa Egil Olsen i TV 2s studio. Tapet var berre Odds andre denne sesongen, det første var mot Lillestrøm 11. mai.

Odd måtte ha eitt poeng for å vere heilt sikker på sølvet, og gjekk sterkt ut for å ta leiinga. Dette gav halvsjansar, men opna også for RBK-kontringar. Etter kvart fall også både kvaliteten og intensiteten.

– Eg trur det er første gongen eg har sett at Odd har spela ein heil heimekamp utan ein einaste skikkeleg målsjanse, sa Drillo.

Kunne berga sølvet på overtid

Etter scoringa kontrollerte Rosenborg og slapp Odd sjeldan til. Før i dei siste minutta, då Odd sette inn det dei hadde for å få målet som ville sikra sølvet.

Men på overtid kom lagets største sjanse. Håvard Storbæks frispark frå 20 meter hadde kurs for vinkelen. Men Daniel Ørlund var oppe, fekk ei hand på ballen og slo den ut. Der var Odd berre centimeter frå sølvet.

Odd har framleis leiinga i sølvkampen, eitt poeng føre Rosenborg. Men Odd har bortekamp mot serievinnar Molde i den siste kampen, medan Rosenborg tek imot Strømsgodset på Lerkendal.

– Eg håpar vi fyller Lerkendal søndag. Eg trur vi får hjelp frå Molde, seier Ingebrigtsen.

Fotballnyheter

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Se alle målene her.
Se alle målene her.