Den gamle rekorden for ein svensk cupkamp er over 70 år gammal. Den skriv seg frå finalen mellom Malmö og Norrköping på Råsunda 1. oktober 1944 og lyder på 35.087 tilskodarar.
Men allereie no er det selt 35.272 blillettar til cupkampen mellom Stockhomls-rivalane AIK og Hammarby på Friends Arena laurdag 7. mars, skriv
.– Det kjem til å bli utselt. Men det gjenstår å sjå om alle møter op til kampen, seier ein godt nøgd arrangementsansvarleg Lasse Pettersson i AIK.
Kapasiteten til kampen er 40.000 tilskodarar. Friends Arena tek vanlegvis 50.000, men ein del av tribunene er stengd på grunn av ombygging.
– Hadde heile tribunen vore open, kunne vi fått det høgaste publikumstalet på Friends nokonsinne, seier Pettersson.
Langt att til banerekorden
Rekorden skriv seg frå landskampen Sverige – England 14. november 2012 med 49.967, og 49.766 til Sverige – Portugal året etter.. Rekorden for ein klubbkamp er 43.463 då AIK møtte Syrianska i Allsvenskan 7. april 2013.
Klubbane delte i mange år Råsunda som heimebane. Men i 2013 flytte AIK til Friends og Hammarby til Tele 2 Arena.
Sesongen for den svenske cupen tek til om hausten med to rundar. I mars spelar dei 32 laga som står att, gruppespel om avansement – eit gruppespel som også fungerer som ptil seriestarten i slutten av mars eller byrjinga av april.
Det er her dei to rivalane har trekt saman. Hammarby rykka opp i Allsvenskan i fjor etter fem sesongar på nivå to. Derfor har ikkje laga møtt kvarandre sidan oktober 2009. Då vann AIK på Råsunda og sende rivalen ned framfor 24.000 tilskodarar.
Og 4. mai møtest dei i serien. Billettsalet tek til 9. mars, to dagar etter cupmøtet og rekordpublikummet.
PS: Finalene dei to siste åra har også gått på Friends Arena. Berre 3423 møtte fram for å sjå Elfsborg slå Helsingborg i cupfinalen 2014.