Kampen i hauststormen i Bodø enda med poengdeling. For Vålerengas del var det i praksis takk og farvel til medaljestriden.
Det irriterte VIF-trenar Kjetil Rekdal, sjølv med eit godkjent offsidemål.
– Vi spela ein god kamp, og hadde eigentleg kontroll. Før pause var vi best, og etter 1-0 dominerte vi fullstendig og skulle scora fleire.
– Men så gir vi vekk ballen, slik vi gjorde på Ullevaal i vår (1-2, red.anm.), og det utnyttar dei. Dei har to sjansar i kampen, dette skulle vi ha vunne, sa Rekdal til TV 2 Zebra.
Rekord for Trond Olsen
Med sitt 11. mål for sesongen utlikna Trond Olsen og sikra Bodø/Glimnt poeng med 1-1 mot Vålerenga i hauststormen på Aspmyra.
– Det var godt å få poeng, men det var ein horribel offside dei scora på, seier Olsen, som aldri før har scora meir enn ti mål i ein sesong.
– Første omgang var vi altfor upresise. Vi hadde motvind og fekk ikkje ballen langt nok. Det stoppa opp, sa Olsen.
Vålerenga var alt i alt nærmast sigeren, men scoringa deira smakte av offside.
Spektakulært offsidemål
Etter ein time som var best eigna som sovemedisin scora Vålerenga og sette liv i kampen, og det med eit mål av det spektakulære slaget.
Glimt-keeper Pavel Londak boksa ut etter ein corner. Robert Lundstrøm møtte returen og skaut på direkten frå meir enn 25 meter. Londak klarte berre å slå ballen i stanga, ballen spratt ned på streken, og der var Deshorn Brown på plass og scora lett.
TV-bileta viste at Brown var i offside då Lundstrøm skaut.
Det opna kampen, og begge lag skapte sjansar. Utlikninga kom 12 minutt før ordinær tid var ute. Trond Olsen vart spela vakker gjennom av Anders Karlsen, og Olsen sette ballen hardt inn like ved stolpen, utanfor keeper rekkevidde.
Trond Olsen har dermed scora i fire kampar på rad.
I sluttminutta gjekk begge lag framover og skapte ei frisk avslutning av kampen. Begge laga kunne sikra sigeren, men ingen klarte det.
Med uavgjort tapte Vålerenga ytterlegare terreng i medaljekampen, som i praksis truleg er over for Oslo-laget fire rundar før slutt.