Det forklarte Domienico Scala, leiaren av valkomiteen, på det ekstraordinære styremøtet i FIFA i dag. Presidentvalet i organisasjonen skal gå som planlagt 26. februar.
FIFA-styret stadfesta datoen i dag. Det betyr at kandidatane må offisielt vere registrert seinast 26. oktober, på eit tidspunkt når UEFAs kandidat Michel Platini framleis kan vere utestengd. Platini melde seg offisielt som kandidat allereie i sommar.
Blir ikkje vurdert
Men hans kandidatur vil likevel ikkje bli vurdert av valkomiteen så lenge han er utestengd. Han vil derfor ikkje vere på den offisielle kandidatlista til FIFA.
Skulle utestenginga bli oppheva før 26. februar, kan Platini bli teken opp til ny vurdering av valkomiteen.
Platini har anka utestenginga, men anken er enno ikkje behandla. UEFA ber om at anken må bli behandla så raskt som mogeleg. Leiaren i ankekomiteen, Larry Mussenden, har trekt seg frå valkomiteen for å unngå interessekonflikter.
Styret hadde krisemøte i dag, og diskuterte datoen på grunn av Platini og UEFA. Men dei valde å halde fast på den opprinnelege datoen. Det var på førehand sådd tvil om datoen, eller om FIFA ville utsetje valet fordi både Platini og sitjande FIFA-president Sepp Blatter er utestengde i inntil 90 dagar i påvente av at granskinga mot dei er avslutta.
– Eit jordskjelv i fotballfamilien, seier NFFs generalsekretær Kjetil Siem.
Ekstraordinær kongress
FIFA har tidlegare vedteke å kalle inn til ekstraordinær kongress 26. februar for å velje ny president. Sepp Blatter kunngjorde 2. juli i år at han vil gå av etter at ein etterfølgjar er vald.
Blatter og Platini vart utestengde frå alle fotballrelaterte aktivitetar i 90 dagar på grunn av etterforskinga av ei utbetaling på 17 millionar frå Blatter til Platini i 2011. Ifølgje begge var det betaling for rådgivingstenester i åra frå 1998 til 2002.
Platini var lenge favoritt til å overta presidentjobben i FIFA etter Blatter. Men etter at franskmannen vart trekt inn i politietterforskinga, og seinare suspendert, er det aukande tvil om han framleis kan stille som kandidat.
Vanskeleg for Platini og UEFA
Platini fekk offisiell støtte på UEFAs krisemøte i førre veke, men seinare har han vedgått at det ikkje finst dokumentasjon på utbetalinga av dei 17 millionane frå Blatter. Det har ført til at det engelske fotballforbundet (FA) har trekt støtta.
Den tvilen blir større no når lista over kandidatar må vere klar medan han framleis er suspendert.
Maks 12 år for ny president
Styret i FIFA tilrår også endringar i organisasjonens lover, slik reformkomiteen har foreslått. Forslaget går ut på at presidentar og andre sentrale tillitsvalde kan sitje i maks 12 år, at det skal vere aldersgrense på 74 år for FIFA-valde, og at prosessane i saker som er under behandling, skal vere langt opnare enn i dag.