Ada Hegerberg scora to mål før pause og Emilie Haavi to mål i andre omgang. Det var meir enn nok til å slå det som truleg blir gruppejumboen i kvalifiseringa til EM i Nederland om knappe to år.
– Det er sterkt å vinne 4–0 her. Måten vi klarer å spele oss til sjansar på dette underlaget er veldig profesjonell. Vi er nøgde, seier landslagssjef Roger Finjord til NRK.
– Skal spele ned Wales
No ser han framover mot neste kamp, mot Wales i Ålesund 23. oktober.
– Då skal vi ha utvikla spelet vårt endå meir, og er håpar at vi ser eit pasningsspel som skal spele ned Wales, seier Finjord.
Etter ei sterk norsk opning sette Hegerberg inn det første etter corner etter 19 minutts spel. Åtte minutt etter sette ho inn 2–0 via keeper.
Haavi scora Norges tredje med eit kjempeskot frå 18 meter heilt oppe i krysset like etter pause. Og då kvarteret var passert sette ho enkelt inn nummer fire etter ei god pasning frå Lisa Marie Karlsen Utland.
– Kunne blitt betre med god bane
– Dette er eit lag vi skal vere fire mål betre enn. Det kunne blitt meir også. På ei betre grasmatte kunne vi fått utnytta romma betre. Men vi skal vere nøgde med fire mål og at vi held nullen, seier Haavi til NRK.
Norge var det klart førande laget heile kampen, og vann skotstatistikken 19–4.
Kampen var Roger Finjords andre kamp som landslagssjef, og den første kvalikkampen. Begge har enda med 4-0-siger.
Etter kampen mot Wales i oktober, står det att seks kampar neste år. Også Austerrike og Israel spelar i gruppa.
Austerrike har tidlegare slått Kasakhstan 2–0 og møter Wales i kveld.
Dei åtte gruppevinnarane og dei seks beste toarane går direkte til EM. Dei to andre gruppetoarane spelar playoff om den siste EM-plassen.
Les: Norges gruppe i EM-kvalifiseringa
Kampfakta:
Kasakhstan Norge 0–4 (0–2)
Kazjimukan Munaytpasov stadion, Astana
Mål: 0–1 Ada Hegerberg (19), 0–2 Hegerberg (27), 0–3 Emilie Haavi (51), 0–4 Haavi (61).
Gult kort: Maria Demidova, Kasakhstan.
Norge (4-4-2): Ingrid Hjelmseth–Ingrid Moe Wold (Elise Thorsnes frå 77.), Marita Skammelsrud Lund, Nora Holstad Berge, June Pedersen–Kristine Minde, Maren Mjelde, Lene Mykjåland (Andrine Hegerberg frå 46.), Emilie Haavi–Ada Hegerberg, Lisa-Marie Karlseng Utland (Synne Jensen frå 64.).