– Eg vil ha ein finale mellom Brasil og Uruguay for å revansjere vårt smertelege tap i 1950, sa Pele i ein FIFA-regissert pressekonferanse på ein bar i São Paulo søndag.
Han understreka det heile Brasil veit: At nederlaget i den avgjerande kampen i VM i Brasil i 1950 – kampen som i praksis var VM-finale – framleis pregar nasjonen, 64 år og fem brasilianske VM-gull seinare.
Pele var ni år den sommaren Brasil berre skulle spasere heim VM-gullet, men vart snytt av den vesle naboen i sør – eit land med eit folketal mindre enn Rio by. Uruguay vann 2–1. I år er VM tilbake på brasiliansk jord for første gong sidan den mest traumatiske kvelden i Brasils historie.
200.000 menneske på Maracanã stadion i Rio var musestille og lamslått etter kampen.
– Det fotballen har gitt Brasil, kan ikkje overvurderast
På pressekonferansen fekk han spørsmål om han såg Brasil – Argentina som drøymefinalen.
– Nei, svara han – For meg er det Brasil – Uruguay som er draumen. Då kan vi få revansje.
Men Pele innser også at fotballen i åra som har gått etter "Maracanazo" har gitt Brasil enormt mykje. Sjølv var han ein betydeleg del av det.
– Det fotballen har gitt Brasil, kan ikkje overvurderast. Heile verda kjenner til Brasil no, og mykje av det skal fotballen ha æra for, sa den no 73 år gamle Pele.
Forveksla Brasil med Argentina og Amazonas
Han VM-debuterte i Sverige i 1958, då var han 17 år. Og mottakinga i Sverige var ikkje den same som den har vore seinare.
– Ingen kjende til oss då. Ingen, ikkje eingong journalistar, kom for å møte oss. Folk kjende litt til Amazonas, og dei forveksla oss med Argentina. For folk var det det same. Men vi vart verdskjende gjennom VM, sa Pele, som slo gjennom og vart verdsstjerne i junidagane i Sverige det året.
I årets VM skal Brasil spele opningskamp mot Kroatia torsdag kveld. Pele vil ikkje tippe resultatet.
– Det viktige er at spelarane ikkje går ut med tanke på å vinne 1–0 eller 2–0. Dei må vere førebudd på alt, for i fotball kan du spele strålande i 85 minutt, og så kan dei siste fem minutta snu opp ned på alt, sa Pele.