Sameh Maraabah var med landslaget på veg til Jordan for å ta fly til treningsleir i Tunisia.
På Allenby-grenseovergangen – den einaste overgangen på den delen av grensa for dei som bur på Vestbreidda – vart Maraabah stoppa og arrestert av grensevaktene, ifølgje nettstaden
.Han sat i forvaring i tre timar, og vart først sett fri klokka 23 i går kveld. Resten av landslaget nekta å reise vidare før Maraabah var fri.
Bensin på bålet
Hendinga er som bensin på bålet for palestinarane, som har kravd at Israel må kastast ut av FIFA på grunn av
for palestinske fotballspelarar. FIFA-kongressen skal ta stilling til dette i neste veke.Så seint som dagen før skal Israels statsminister Benjamin Netanyahu lova FIFA-president Sepp Blatter å lette på reiserestriksjonane for palestinske fotballspelarar, melder VICE Sports.
Blatter ønskjer ikkje votering
, og slik at det palestinske forbundet skal kunne trekke forslaget, slik dei har gjort to gonger før.
I løpet av dei tre timane Sameh Maraabah var internert rakk det palestinske fotballforbundet (PFA) å melde frå om saka til FIFA og understreke at spørsmålet vil kome opp på FIFA-kongressen i neste veke. Då må i så fall spørsmålet om å sparke Israel ut av FIFA bli diskutert og røysta over.
«Denne hendinga berre stadfester PFAs syn på lovnadane som er gitt av Israels regjering, nemleg at dei berre er tomme ord så lenge dei ikkje er inkludert i ei løysing som berre kan kome som ein garanti frå FIFA-kongressen», heiter det i brevet.
Også det israelske fotballforbundet har klaga saka inn for FIFA. Dei skuldar PFA for «å bevisst skape ein unødvendig provokasjon».
– PFA braut avtalen som seier at det før avreise skal setjast opp ei liste med namn på dei som skal reise, heiter det i klagen.
Mistenkt for å vere militær aktivist
Bakgrunnen er at PFA i lang tid har klaga over at Israel gjer livet vanskeleg for spelarar og lagleiarar som skal reise mellom Vestbreidda og Gaza, når dei må gjennom israelsk territorium. Og også når dei skal til utlandet.
Ettersom dei meiner situasjonen ikkje har blitt lettare,
. Det har dei gjort to gonger tidlegare også, men då har dei trekt forslaget før det har kome til votering på FIFA-kongressen.–
, seier PFA-president Jibril Rajoub. Det var også han som skreiv under brevet PFA sende FIFA i går kveld.Det er ikkje første gongen Maraabah er arrestert ved ein grenseovergang. I fjor vart han arrestert, mistenkt for å vere ein militær aktivist.
Det byggjer på at han var mistenkt for å ha hatt kontakt med ein Hamas-representant i Qatar, og at han skal ha hatt med seg pengar og ein mobiltelefon han hadde fått frå Hamas-representanten.