i slutten av mai om dette. Dei grunngjev kravet med at den israelske staten legg sterke hindringar i vegen for gjennomføringa av fotballaktivitetane i Gaza og på Vestbreidda.
Fotballforbunda i dei to landa møttest på FIFAs hovudkvarter i Zürich i håp om å kome fram til eit kompromiss før kongressen. Det lykkast ikkje, men partane er villige til å ha nye møte før kongressen 28. og 29. mai.
Men partane står langt frå kvarandre.
– Løysinga kan ikkje vere noko anna enn at Israel respekterer vår rett til å utvikle fotballen i samsvar med
. Israel har tid nok på seg før kongressen til å kome med ei løysing, seier PFA-president Jibril Rajoub til telegrambyrået Reuters.Treng tre firedels fleirtal
Om ikkje partane blir samde, kjem saka opp til votering på kongressen. Blir forslaget vedteke, betyr det at israelske klubblag og landslag blir utestengde frå alle internasjonale konkurransar som europacupar og meisterskap.
Men forslaget treng tre firedels fleirtal for å bli vedteke, og dei aller fleste trur at det ikkje kjem til å få nok oppslutnad.
FIFAs eksekutivkomite suspenderer frå tid til anna nasjonar der styremaktene blandar seg inn i fotballens styresett. Seinast gjeld det Indonesia, som er trua med utstenging av den grunn.
– Men det er ei heilt anna sak enn Israel, seier ein FIFA-talsmann til NRK. – I Indonesia meiner komiteen at styresmaktene direkte prøver å styre fotballen, og det er imot FIFAs reglar. Derfor har komiteen sendt åtvaring til Indonesia, seier han.
FIFA-statuttane gir eksekutivkomiteen makt til å suspendere medlemsland mellombels når dei meiner det er grunn til det. Men suspensjonen skal aldri gjelde lenger enn til førstkomande kongress. Om ein suspensjon skal vidareførast, må det vedtakast med tre firedels fleirtal.
– Det er kongressen som er ansvarleg for å suspendere medlemsorganisasjonar, seier talsmannen.