I Lyn har ein holdt på med sine ting i årevis. Presse- og publikums- interessa har holdt seg i sømelege former. Laget har vore brukbart, utan dei store profilane. Dei siste to sesongane har ein fått profilar, men mest profilert utanfor bana. Etter ein sterk tredjeplass i fjor, har ein denne sesongen klart å gjere alle feila i læreboka. Det er vel like greitt at ein no har ein spelande trenar, då har dei i allefall ingen å skulde på.
Sju kampar før slutt må ein seie at det er ei overrasking dersom laget klarer seg.
I Vålerenga er det anleis. Her følgjer pressa med dei minste rørsler, og med trenar Rekdal har klubben ein av dei mest profilerte trenararane i Tippeligaen. Men det gjev deg heller ikkje fleire poeng. Cupsigeren i fjor var ei stor fjør i hatten for ein ung trenar, men Kjetil er det første som veit at varene no må leverast dei siste kampane.
Fordelen til VIF er god målskilnad og at neste motstandaren, Molde, har fleire utestengde spelarar neste runde.
Eg trur Vålerenga klarer seg med eit naudskrik, kanskje må ein ut i kvalifiseringskampar, og der har jo klubben vore før……
St. Terje
Tromsø brukte nokre kroner på å hente heim Ole Martin Årst. Frelsaren blei han kalla då han kom heim frå Belgia. Men det er trenar Terje Skarsfjord som skal ha hovudæra dei siste kampane. Og når frelsar-namnet alt er opptatt, er det vel ikkje lenge før Terje blir kalla Gud i Tromsø.
Kall meg gjerne distrikts- venleg: Men eg meiner at det er inga ordentleg toppserie i fotball utan Bodø/Glimt og Tromsø.