Jan Jönsson er klar for å ta fatt på trenargjerninga i Aalesunds FK.
Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpixI går kveld vart det klart at svenske Jan Jönsson tar over som ny hovudtrenar for AaFK, etter at Kjetil Rekdal fekk sparken. Han har brukt fleire veker på å tenkje seg om og etter nokre rundar med seg sjølv, takka han ja til ei eittårskontrakt.
Godt inntrykk
Kapteinen på laget, Daniel Arnefjord, ynskjer han velkomen til Ålesund.
– Eg trur det vert bra. Han er jo eit kjent namn i Noreg og har gjort det bra som trenar både i Stabæk og Rosenborg, seier Arnefjord. Sjølv har han aldri prata med Jönsson, men har eit godt inntrykk.
Betyr det noko at han har vore i forhandlingar med Vålerenga også?
– Nei, no har han bestemt seg for Ålesund og vi er glade for det, seier kapteinen.
Gler seg til sesongstart
Han har ikkje prata med dei andre spelarane på laget og fått deira reaksjonar på den nye trenaren. Dei er no på treningsleir på Gran Canaria og det er venta at Jönsson kjem dit anten onsdag eller torsdag. Sjølv er kapteinen heime i Ålesund, med eit operert kne og ei kone som snart har termin.
Han gler seg til sesongstart.
– Det vert spanande å kome i gong, seier Arnefjord.