Fleire nye kan få sjansen allereie når Drillo tek ut troppen til Thailand-turen på nyåret. Og Drillo er spesielt spent på to av dei.
- Ja, eg ser fram til å sjå desse på senior-landslaget, seier Drillo til NRK før uttaket onsdag.
Han siktar til midtstopparduen Vegard Forren (Molde) og Even Hovland (Sogndal). Desse imponerte på U23-lagets kamp mot Tyrkia nyleg, ein kamp som enda 1-1.
Til Thailand-turen i januar er stort sett berre heimlege spelarar tilgjengelege, i tillegg til spelarar frå andre land med lang vinterpause, som Sverige og Danmark. Dei andre utanlandsporoffane er i sving i sine klubbar. Dette gir Drillo sjansen til å teste fleire nye unge spelarar i oppbygginga fram mot VM-kvalifiseringe, som tek til på Island i september.
King's Cup
Noreg skal delta i King's Cup, og kampane skal spelast 15., 18. og 21. januar. Thailand og Danmark er to av motstandarane, den tredje er enno ikkje klar.
King's Cup er ei tradisjonsrik turnering som har vore arrangert årleg sidan 1968. Danmark og Sverige har deltatt fleire gonger før, og Danmark van både i 2009 og 2010.
Drillo legg ikkje skjul på at U23-laget er ei av hans aller viktigaste kjelder når det gjeld å finne nytt landslagsblod.
- Vi kunne brukt 11 nye, men det er det ikkje plass til. Men det er ei handfull nye som bankar på landslagsdøra. Kor mange som slepp inn, kan eg ikkje seie noko om no, seier Drillo til NRK.
Even Hovland håpar å få sjansen. Han veit kva som skal til.
- Det er i grunnen opp til deg sjølv. Du må prestere godt på klubblaget og på treninga kvar einaste dag. Då ser du kor langt du kan nå, seier Hovland.