Seks veker etter at han fekk forlenga kontrakten måtte trenar Devis Magnia lide same skjebne som sine forgjengarar.
For å leie Sicilia-klubben 10. plass i Serie A er tydeleg ikkje godt nok for klubbpresident Zamparini, som tok over Palermo i 2002.
Sidan den gangen har den knallharde leiaren sparka heile 18 trenarar ut av sjefsstolen klubben.
Lovprisa trenaren for fire månader sidan
Manager Magnia fekk fire månader på å bevise at han var god nok, men etter tre kampar utan scoringar og tap mot Sicilia-rival Catania i helga var begeret fullt for klubbhøvding Zamparini.
– Eg vil gje Magnia hundre prosent støtte og ønskjer å satse på han. Eg trur han er ein trenar som kan gjøre store ting, og vil ikkje miste han, sa Zamparini då han hyra inn Magnia tidlegare i haust.
Fjerde mann ut i 2011
No er dei lovande orda for lengst gløymde i Palermo, og Magnia er med det den fjerde manageren som får sparken i 2011.
Første mann ut var Serse Cosmi, som også fekk sparken etter tap mot rival Catania.
Same dagen som Cosmi forsvann kom Delio Rossi til klubben. Men også han måtte ta hatten og gå då 2010/2011-sesongen var over.
Rossis erstattar og Palermos nye sjef før 2011/2012-sesongen blei Stefano Poli. På rekordtid måtte også Poli ut, noko som gjorde at han aldri fekk leie laget i seriesamanheng.
Det vil i så fall bli Muttis andre trenarperiode i Sicilia-klubben.