Klubben spesifiserer ikkje kva pressekonferansen dreiar seg om i den knappe innkallinga, men det er svært sjeldan at klubben går til slike innkallingar utan at det er kjøp og sal av spelarar eller nye kontraktar det er snakk om.
Den 24 år gamle senegalesaren har vore sesongen sin store hit i Sogndal, og har frå sin høgre midtbaneposisjon vore nøkkelen til det meste klubben har fått til offensivt.
Etter kampen mot Tromsø på søndag gjekk Mane ut i Sogn Avis og varsla at han skulle i samtalar med Sogndal måndag. Dette skjedde etter at han i lengre tid har vorte kobla til den tyrkiske klubben Konyaspor. Kontrakten hans med Sogndal går ut ved årsskiftet.
Mane kom til Sogndal frå Sandefjord før 2012-sesongen, men var utlånt til kasakhstanske FC Aktobe heile 2011-sesongen.
Mane er Sogndal sin toppskårar med seks må denne sesongen. Han har også bidrege med fire målgjevande pasningar.