Mandag denne veka møttest Niels Røine, administrerande direktør i Norsk Toppfotball, Karen Espelund, generalsekretær i Norsk Fotballforbund (NFF) og mediedirektør i Kringkastar, Annika Biørnstad til signering av avtalen mellom NFF og NRK.
- Eg synest at vi har fått gjennomslag for dei sentrale punkta våre, seier Haug.
Det er Haug, ansvarleg for rettar Tor Aune og jurist Bjørn Audun Agersborg som har framforhandla avtalen for NRK. Bodet til NRK blei akseptert allereie i sommer, men det har tatt tid å gå gjennom den lange og detaljerte avtaleteksten.
64 kampar
- I 2009 vil NRK sende 64 kampar på tv, 30 eliteseriekampar og 30 kampar i 1.divisjon. Dei resterande er play off-kampar, altså kampar som avgjer kven som rykkar opp og ned, fortel Haug.
Eliteseriekampen vil normalt gå laurdag og tv-kampen frå 1. divisjon skal normalt gå tirsdagskvelden på NRK2.
- Sidan vi har alle rettane til 1. divisjonskampane ser vi på moglegheita for at distriktskontora kan streame desse kampane, seier Haug.
Cup på NRK i 2010
I 2010 blir det endå meir norsk fotball på tv med cup-en, som avtalen også sikrar visningsrettane til. Avtalen sikrar framleis også radiorettane til 4:4:2.
Haug trur at endå fleire vil lytte til desse sendingane, ettersom kampar i andre divisjonar ikkje vil bli vist på tv. TV 2 og NFF blei ikkje samde om avtalevilkåra, så desse kampane vil berre bli vist på nett
blir den første TV-sendte kampen på NRK fra eliteserien i fotball.
Les også: