Spørsmålet vart reist rett etter kampen der eit tannlaust Norge tapte og mista EM-sluttspelet.
Les: Desse laga er klare for EM
– Det er ikkje noko spørsmål. Han held fram, sa Hallen til TV Norge.
Åtte minutt før kampen var over heada Markus Henriksen i eige mål. Der og då slokna det norske EM-håpet.
Dermed må Norge vente i minst to år til på sitt første meisterskap i dette årtusenet.
Landslagssjef Per-Mathias Høgmo ville ikkje vere med på at gamblingen i laguttaket svikta.
– Det kan eg ikkje eg vurdere no. Vi satsa på formspelarar, og laga ein strategi som vi trudde på. Og dette er eit ungt lag, spelarar som har framtida framfor seg, sa ein hardt pressa Høgmo til TV Norge etterpå.
– Vi har gjort ein god kvalik med eit ungt lag. Dei vil vekse til neste kvalik.
– Du er ikkje redd for di stilling?
– Nei.
Norske spelarar var langt nede
Då Ungarn sette nådestøtet med si andre scoring, blei heime-spelarane møtt med øyredeøvande jubel på sidelinja. Bak dei stod de norske spelarane, som hang med hovudet og såg ned i grasteppet.
– Det er elektrisk blant ungararane, men dei norske er langt, langt nede, sa NRKs reporter Mads Håby frå stadion i Budapest.
På twitter var det mange som lufta kritikk av det norske laget i kveld.
Enorm norsk nedtur
Høgmo gjekk rett forbi pressa og i garderoben.
– Det er vanskeleg å skildre vonbrotet for spelarane, sa Håby.
For Per-Mathias Høgmo og landslaget vart dermed kvaliken ein enorm nedtur, med 0-1 heime og 1-2 borte.
Norge må dermed framleis vente på sitt første meisterskap i dette årtusenet.
– Dette er tungt. Det er berre fotball, men det er skuffande, sa Lise Klaveness i NRKs ekspertpanel. – Eg er imponert over måten Ungarn hadde førebudd seg til denne kampen, sa ho.
– Det var naivt av oss å tru at Ungarn, med 1-0 frå Ullevaal, ville gi ein spelar som Martin Ødegaard rom, sa han.
Vil ikkje slakte landslaget
Klaveness ville likevel ikkje slakte det norske laget:
– Vi har trass alt hatt ein god kvalik, betre enn på lenge. Laget er ikkje godt nok, vi manglar matchvinnarar i begge endar av bana. Men vi har hatt nokre gode kampar, seier Klaveness.
Leiarmålet kom etter ei frisk ungarsk opning av kampen, og det norske forsvaret hang ikkje heilt med.
Tamas Kadar slo ein lang ball fram mot Tamas Priskin, og dei norske stopparane nølte akkurat litt for lenge. Priskin fekk tid til å ta ned ballen, gå eit steg til sides og skru ballen inn i lengste krysset. Ei vakker scoring, men ikkje heilt patent av dei norske midtstopparane.
Stolpeskot
Då måtte Norge score to gongar for å ta EM-plassen, og det skulle bli altfor vanskeleg.
Norges største sjanse kom to minutt før pausen. Even Hovland vann ein duell om corneren frå Martin Ødegaard, og ballen small i stolperota.
Dobbeltbyte i pausen
I pausen bytte Per-Mathias Høgmo Mohamed Elyounoussi og Martin Ødegaard med Marcus Pedersen og pål Andre Helland, og Norge fekk meir tak på spelet.
Åtte minutt før full tid var det over for det norske håpet, og for å gni saltet skikkeleg inn, var det eit sjølvmål av Markus Henriksen som blei den siste spikeren i kista.
Balazs Dzsudzsaks corner burde blitt avklart, men Henriksen var uheldig og sende ballen forbi Nyland.
Då var alt håp ute, sjølv om Henriksen reduserte like etter på ein retur.