No har Hødd-moroa begynt

Hødd har alt starta moroa i Oslo. No er det er fest på Youngstorget. Søndag ventar gullet på Hødd på Ullevål.

Hødd

Hødd-legende Kjetil Hasund i fronten for ein god gjeng frå supporterklubben Blåsarane. Leiar i Blåsarane, Guttorm Remøy Vartdal, til venstre.

Foto: Terje Reite / NRK

Det er ikkje sølv som glitrar i augene til Hødd-supporterane. Det er glitrar av vona om gull, og at stoltheit fordi laget har kome så langt som til cupfinalen.

Kjetil Hasund

Kjetil Hasund har opplevd mykje med Hødd. No skal dette kronast med cupfinale.

Foto: Terje Reite / NRK

– Hødd har vore med på mykje i norsk fotball, men dette er nok den største enkelthendinga nokon gong, seier Hødd-legenda Kjetil Hasund til NRK. At vi står her i dag, i Oslo, to dagar før Hødd skal spele cupfinale ... det er ein draum som har gått i oppfylling. Vi har drøymt om dette, men eg hadde nok rista på hovudet om nokon i januar sa til meg at vi skulle til Ullevål i november, seier den tidlegare storspelaren på Hødd.

Alt fredag opna Hødd-leiren på Youngstorget i Oslo. Her er store telt for konsertar, mindre kafételt, endå mindre boder, ja ei heil sunnmørsk gate er bygt opp midt i Oslo.

Jan Berset

Jan Berset er ordførar i Ulstein.

Foto: Terje Reite / NRK

Dette er så fantastisk at vi knapt har adjektiv igjen, seier ordførar i heimkommunen til Hødd, Jan Berseth. Folk er tent, dette er stort. Og dette er berre oppladinga til det store som skal skje søndag, seier han og ser alle dei blåkledde kome strøymande til.

– Byggjer fellesskap

Ein av grunnane til at han er både stolt og rørt, er bølgja av samhald og identitet som har skylla over Ulstein i samband med at Hødd har kvalifisert seg til cupfinalen.

– Dette byggjer fellesskap. Heile samfunnet vårt får ei felles oppleving. Og dette er merkevarebygging i stor skala. Hugs at Hødd er merkevara vår, saman med dei store næringslivsaktørane Ulstein Group, Kleven og Rolls-Royce, seier den stolte ordføraren.

– Det blir rørande

Hødd sin supporterklubb, «Blåsarane», er sjølvsagt på plass. Dei har førebudd seg godt, med songar, supporterutstyr og med ei kraftig markering inne på tribunane i samband med kampen.

Dette blir stort. Eg kjenner alt at dette blir rørande. Stemninga er i ferd med å byggje seg opp, seier leiar for Blåsarane, Guttorm Remøy Vartdal.

– Du fryktar ikkje at de tek ut alt for mykje, no tidleg i helga då?

– Nei, no skal stemninga få byggje seg opp. Dette er eit forspel. Og det skal bli stor fest på søndag. Og vi skal ikkje gå i Brann-fella: Vi skal møte opp tidleg på søndag, seier leiaren for Hødd-supporterane.

Yougstorget

Dette er Youngstorget fredag formiddag. Her blir de tett i tett med blått framover.

Foto: Terje Reite / NRK

– Det er allereie ein siger

Kjetil Hasund har meg seg både den ærerike historia til Hødd og kunnskapen om dagens Hødd-stall, når han analyserer det som kan kome til å skje denne helga.

Hødd har vore eit førebilete for mange klubbar. Vi viste at klubbar frå små stader kunne få til noko. Og for eit lag som Hødd er det på ein måte ein siger berre å kome hit til cupfinalen. Men held Hødd toppnivået skal Tromsø få slite, seier Hasund.

– Ein klar filosofi

Spelarane på Hødd har imponert mange denne sesongen, sjølv om laget har slite i serien. Hasund seier Hødd er eit godt lag, med mange spennande spelartypar.

Det er eit spelande lag, og eit lag med ein klar fotballfilosofi. Og på sitt beste er Hødd også eit svært effektivt lag, seier han før han må gå og helse. Rundt seg ser han slekt og kjenningar. Det kan verke som heile Ulstein har flytta til Youngstorget i kveld.

Fotball

Oppsummert

  • Klokken 17.30: Brann-styret møter pressen om nachspielskandalen.
  • Mener lønnstilbud er et PR-stønt

    Tilbudet om lik lønn for USAs herre- og kvinnelandslagsspillere i fotball, er et PR-stønt, mener kvinnenes spillerorganisasjon USWNTPA.

    Uttalelsen kommer etter at USAs fotballforbund (USSF) sa at det i framtiden skal være like lønnsvilkår for begge seniorlandslagene.

    De kvinnelige landslagsspillerne saksøkte USSF i mars 2019 med påstand om at de ikke fikk rettferdige lønnsbetingelser sammenlignet med landslaget for menn. Men lønnskravet på 66 millioner dollar ble i mai avvist av en føderal dommer.

    Kvinnene er regjerende verdensmester og tok bronse i OL i Tokyo, mens mennene ikke greide å kvalifisere seg til VM i 2018.

    USAs kvinnelandslag i fotball
    Foto: Alessandra Tarantino / AP
  • Norge opp fire plasser på rankingen

    Norges herrelandslag i fotball klatret opp fire plasser – fra 43.- til 39.-plass – på FIFAs ferskeste verdensranking. Det er Norges første topp 40-plassering siden oktober 2015. Den gang var Norge en kort periode på 34.-plass.

    Det er fremdeles Belgia som topper listen foran Brasil på andreplass. Men på plassene bak har det skjedd en endring. England har nemlig gått forbi Frankrike og er rangert som verdens tredje beste herrelandslag. Frankrike har dermed rykket ned til fjerdeplass.

    Fotball, VM-kvalifisering: Norge - Nederland
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB
  • Pelé vil spille etter operasjonen

    Fotballegenden Pelé har store håp for framtiden etter at han i starten av september fikk fjernet en svulst fra tykktarmen. Fra sitt rom på sykehuset i São Paulo skriver den 80 år gamle brasilianeren at han fortsetter å leve lykkelig.

    – Jeg har store planer om å spille 90 minutter og tilleggstid, skriver han.

    Pelé har hatt flere helseplager flere ganger de siste årene. Både i 2014 og 2019 ble han behandlet for urinveisinfeksjon, mens han ble forhindret fra å tenne OL-ilden i Rio de Janeiro i 2016 på grunn av hoftesmerter.

    Pelé
    Foto: Benedikt Von Loebell / AFP
World Cup - UEFA Qualifiers - Group I - Hungary v England
Sverige
Ronaldo