Arild Sundgot handsa tydeleg før han scora målet som gav Lillestrøm 2-0 over Stabæk. Men dommaren såg det ikkje, målet vart godkjent, og Lillestrøm er klar for cupfinalen.
- Nei, vi vil ikkje vurdere straff i slike saker, seier Stig-Ove Sandnes, leiar i lovavdelinga i Norges Fotballforbund.
Når NFF tar opp saker etter ein kamp, gjeld det tilfelle der dommaren har oversett "synder" som er så grove at dei kan gje minst to kampars utestenging. Dette er ikkje tilfelle i Sundgot-saka, sjølv om spelaren sjølv var klar over handsen, men utan at han sa frå til dommaren.
- Vi har uansett ingen heimel i regelverket til å forfølgje denne saka, seier Sandnes til NRK.