- Vi ber alle klubbane gjere sitt aller beste for å sikre at kampane kan spelast på oppsett dato, seier arrangementsansvarleg Dag Vestlund i NFF til fotball.no.
Han seier at det neppe er problem med å finne alternative løysingar i Sør-Noreg.
- Men nord for Bodø har vi forståing for at det kan vere vanskeleg å finne alternativ, seier Vestlund.
Tidlegare torsdag frykta han at også ein transportstreik kunne gjere vondt verre for lag som skal på reise. Men utpå dagen vart partane i transportoppgjeret samde, og det blir dermed ikkje streik.
Det er full runde både i leiteserien, toppserien og 1. divisjon i helga, i tillegg til at også dei fire avdelingane i 2. divisjon startar opp sesongen.