NRK Meny
Normal

AaFK i himmelen medan nabo Molde er prega av krisestemning

Medan tabelleiar Aalesund jublar, sit Molde framleis blegg fast heilt nedst på tabellen.

Medan tabelleiar Aalesund jublar, sit Molde framleis blegg fast heilt nedst på tabellen.

Molde sin Joshua Alexander Gatt fortviler etter å ha misbrukt ein sjanse i eliteseriekampen i fotball mellom Molde og Sogndal.

Kontrastane kunne ikkje ha vore større mellom naboane frå Ålesund og Molde om ein ser på året eliteserietabell.

Medan Aalesund har hatt ei knallopning i årets sesong, vakna moldensarane til sin fjerde blåmåndag etter at fjorårets seriemeister, MFK, gjekk på nok eit tap i helga.

– Null poeng, det er lite det!

I ein tilnærma perfekt bortekamp slo Aalesund Sarpsborg 08 med 2–0 i helga og tok dermed sin fjerde strake siger i eliteserien.

Les:

Full pott etter dei fire første kampane i eliteserien kan ikkje nabo og storebror Molde skilte med. Tvert imot har Solskjær sine menn tapt alle sine kampar i år, og ligg heilt i botnen av tabellen.

Johan Blø

Molde-tilhengjar, Johan Blø, vedgår at null poeng er lite for å hevde seg i eliteserien.

Foto: Roar Strøm / NRK

Les:

Det merka ein på stemninga i gatene i rosenes by måndag.

– Dei er ikkje nøydde til å ligge i toppen, men dei må vere med. Null poeng, det er lite det, seier mangeårig Molde-tilhengjar, Johan Blø.

Sjølv om han trur at Molde kjem sterkare tilbake, trur NRK sin ekspertkommentator, Karl Petter Løken, at løpet er køyrd for Molde. Han meiner at seriemeistrane frå 2012 og 2011 berre kan gløyme å få seriegull i 2013.

– Det kjem til å snu

Molde-manager Ole Gunnar Solskjær, vil ikkje seie at laget hans er inne i ei krise. Han trur ikkje at Molde-spelarane kjem til å la seg påverke av den elendige seriestarten og er sikker på at dei kjem til å snu.

– Du klarer ikkje å skremme nokon til å verte gode. Du klarer heller ikkje å utfolde deg og gjere ditt beste dersom du går og er nervøs og redd for å gjere feil. Difor er vi nøydde til å kome på trening og vere positive.

Les:

Ole Gunnar Solskjær

Molde-manager Ole Gunnar Solskjær lover at Molde vil kome sterkare tilbake.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Positive var derimot ikkje Molde-tilhengjarane då dei i helga nok ein gong måtte sjå laget sitt slått. Då Sogndal leia 2-0, reiste publikum seg og gjekk.

Tor Berg Oshaug var en av dei som forlot stadion då han innsåg at heimelaget kom til å gå på nok ein smell.

– Det var ikkje noko håp om at Molde skulle vinne, så eg synest det var greitt å gå,

Korleis trur du spelarane opplever det når 300-400 tilskodarar reiser seg og går før kampen er ferdig?

– Dei synest vel det at det ikkje er noko kjekt, men dei er vel litt frustrerte dei også.

Sogndal vann kampen 2-1

Les også:

– Uverkeleg start av AaFK

At det er sunnmøringane som svevar høgst på eliteserietabellen, gjorde nok ikkje denne måndagen betre for moldensarane.

Aalesund jublar etter mål mot Sarpsborg 08

Aafk jublar for 2-0-målet i eliteseriekampen i fotball mellom Sarpsborg og Aalesund på Sarpsborg stadion søndag.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Aalesund har verken Rosenborg eller Viking over seg på tabellen. Oransje-trøyene veit at dei må kjempe for å halde laget i toppen av tabellen, men sjølvtillit, det har dei fått.

– Det er litt uverkeleg, eigentleg. Vi har aldri vunne fire kampar på rad, i alle fall ikkje i byrjinga av serien. Det er veldig kjekt, men samtidig litt overraskande, seier ein lykkeleg AaFK-kaptein, Jonathan Tolås Nation.

Spelarane tar ikkje direkte av, etter endå ein siger.

– Nei, det er ingen grunn til å ta av. Eg er kjempefornøgd med poengfangsten, men vi må sjå bak resultata og tenkje at ting kan verte betre, understrekar AaFK-keeper Sten Grytebust.

Neste seriekamp skal ålesundslaget spele på heimebane mot Tromsø, ein kamp Sten Grytebust har tru på om dei spelar som dei har spelt dei første kampane.

– Vi tek med oss mykje sjølvtillit inn i den kampen. Held vi fram med eit godt forsvarsspel og er vi gode offensive, slik som vi stort sett er på heimebane, så håper vi at vi vinn den kampen.

Fotballnyheter

Videoklipp

Se alle målene her.
Se alle målene her.
Se alle målene fra kampen mellom Manchester United og Basel.