Dei er tittelforsvarar, men får det ikkje til. I dag tapte Jose Mourinhos menn 3-1 på heimebane, og er nummer 16 på tabellen.
Mourinho var klar i sin tale etter kampen: Chelsea skulle hatt straffe på 1-1, men dommaren vågar ikkje å gi klubben straffer. Og om Chelsea sparkar han, sparkar dei samstundes den beste manageren klubben har hatt.
– Men eg skal ikkje springe unna, sa han i sin sju minutt lange monolog direkte på tv, før han gjekk uten at det vart høve til å stille fleire spørsmål.
– Vi skal vere ærlege. Dommarane er redde for å dømme til vår fordel. Vi skulle hatt ein klar straffe på 1-1, og det hadde vore viktig, sa Mourinho i intervjuet etter kampen.
– Vi veit at om dei gir oss fordel, får vi kritkk frå dykk i media. Derfor vågar ikkje dommarane å gi oss straffe. Denne var klar, men dommaren våga ikkje å blåse.
– Eg gir blaffen i om eg blir straffa for å seie dette. Eg spring ikkje frå ansvaret, eg vel å seie frå. Om klubben vel å sparke meg, så sparkar dei meg. Då sparkar dei den beste mangeren denne klubben har hatt, sa ein opprørt Mourinho rett etter kampen.
– Det inneber også ein beskjed om at resultata er manageren sitt ansvar, sa han.
Han fekk også med at sjansen til å bli ligameister er i ferd med å bli liten.
– Men eg er sikker på at vi kan kome opp til topp fire, sa han.
Det var Southampton som vart for sterke laurdag. 1-0 vart til 1-3 mot sørkystlaget i London, og Chelsea verka i lange periodar uinspirerte.
Overraskande frispark
Heimelaget tok ein venta leiing på ein uventa skot etter ti minutt. Alle venta eit innlegg på Willans frispark, men brasilianaren skrudde i staden ballen mot lengste kryss, trefte innsida av stolpen og gjekk i mål.
Men Southampton hang godt med, og minuttet før pause utlikna Steven Davis. Han smelte ballen hardt i nettet, og det stod 1-1 ved pause.
Kvarteret ut i andre omgang var kampen snudd. Chelsea-forsvaret slo sprekker, og Sadio Mane sette ballen i mål under Chelsea-keeper Begovic.
Det skule bli endå verre for Mourinhos menn. Graziano Pelle hadde lagt pasningane til begge Southamptons mål, og det tredje laga han sjølv. Han avslutta ei perfekt kontring med eit hardt skot frå 16-meteren, og 3-1 til gjestene. Då tok heimepublikum til å forlate stadion.