NRK Meny
Normal

Mourinho i kjend stil: – Vanskeleg, vanskeleg. Det er klart det er vanskeleg

Jose Mourinho var som vanleg «The Special One» på pressekonferansen etter ligacup-tapet tysdag.

Jose Mourinho

TRYGG: – Eg treng ingen forsikring frå klubben. Eg har det fantastisk, seier Jose Mourinho

Foto: Alex Morton / Reuters

– For nokre få månader sidan vann eg så mange kampar med dette laget at eg vart ligameister i England. Då sa folk at det er ting som er viktigare enn resultat. No seier dei at resultat er viktigare enn noko anna. Det er ein kontradiksjon.

Jose Mourinho var tysdag kveld i fokus endå ein gong etter ligacuptapet for Stoke på straffer.

Dei dårlege resultata for sist sesongs ligameister har allereie i lang tid ført til spekulasjonar om portugisaren får sparken. Det har kome så langt at Chelsea-leiinga har gått ut og sagt at dei har full tillit til manageren.

Og Mourinho seier at han ikkje fryktar for jobben.

– Fantastisk

– Eg treng ingen forsikringar frå leiinga. Eg har det fantastisk, sa han etter kampen.

– Eg har fri onsdag, eg har ein fantastisk familie, eg kan sove godt. Torsdag blir som dei fleste andre dagar i livet mitt dei siste 15 åra, sa Mourinho.

Klubben er nummer 15 i Premier League, og no også altså utslått av ligacupen. Men manageren forsvara spelarane.

– Vi spela godt i dag. Det betyr at spelarane mine stod opp mot dei som har sagt og skrive at dei er dårlege, og sa (til kommentatorane): «De er dumme».

Han slo fast at alle spelarane var gode. – Alt gjekk godt, bortsett frå straffekonkurransen. Vi skulle leia 3-0 eller 4-0 etter første omgang, så mange sjansar skapte vi. Og vi hadde full kontroll, sa han. – Derfor var det frustrerande med 0-0.

– I fjor vann vi 2-0 her, og då spela vi ikkje eingong 25 prosent så godt som vi spela no.

– Mangel på respekt

– Det mange skriv og seier er vondt for spelarane. Og fordi mange av dei (kommentatorane) sjølve var spelarar, trur dei kanskje at mine spelarar er som dei då dei var spelarar. Mine spelarar er ikkje det, la Mourinho ut i kjent stil etter kampen.

Han meiner at han har støtte frå spelarane, noko fleire kommentatorar også har byrja å så tvil om.

Det avviste Mourinho på denne måten:

– Trur de verkeleg at dei ikkje er med meg eller ikkje gir alt i kvar kamp? Det er trist for spelarane. Det er mangel på respekt for spelarane, ikkje for meg, sa han.

Han fekk også spørsmål om skaden til spissen Diego Costa, som måtte ut emd skade etter 33 minutts spel.

– Eg veit ikkje. Eg trur han slo seg sjølv, sa manageren syrleg.

Fotballnyheter

Videoklipp

Ingrid Hjelmseth ble tråkket på armen og ble liggende lenge på banen.
Caroline Graham Hansen. Så bommer Graham Hansen. Keeperhøyde og forholdsvis enkelt for keeper. Dette er tungt.
Ada Hegerberg var ikke fornøyd etter kampen mot Belgia