– Min første tanke var at det blir tøft. Så sjekka eg litt resultat ... Dei slo vel Chelsea i kvartfinalen i fjor på heimebane, før dei tapte i returoppgjeret. Dei slo Inter 3–0 på heimebane i fjor. Dette er ei kjempeutfordring, seier Molde-manager Ole Gunnar Solskjær til NRK.
Playoff-trekninga kunne knapt blitt tøffare for Molde. Før trekninga fredag var FC Sheriff frå Moldova, italienske Fiorentina, franske Saint-Étienne og tyrkiske Trabzonspor moglege motstandarar.
Av dei fem er Rubin Kazan seeda øvst.
– Det var det tøffaste laget vi kunne møte av dei fem. Men vi skal møte dei med godt mot, og er vi på vårt beste har vi ei moglegheit, slår Solskjær fast
Slo Barcelona i Barcelona
Rubin Kazan blir nemleg ei svært hard nøtt å knekke over to kampar.
Laget har etter kvart mykje erfaring i europacup, både i Meisterligaen og Europaligaen. I 2009 slo det russiske laget mellom anna Barcelona 2–1 på bortebane.
I fjor kom dei til kvartfinale i Europaligaen der dei tapte mot fjorårets vinnar Chelsea. Før Chelsea-tapet hadde Rubin Kazan slått ut mellom andre Atlético Madrid og Levante.
– Det dei gjorde i fjor kan dei ikkje leve på, men sesongen er akkurat i gang i Russland. Dei har éin siger og tre uavgjort og slo Randers frå Danmark i førre kvalifiseringsrunde, fortel Solskjær.
– Lag som har brukt pengar
Molde spelar heimekamp mot Rubin Kazan 22. august, før det blir returoppgjer 29. august.
– Vi reiser til Spania kvar vinter for å møte utanlandsk motstand, og vi møter alltid russiske lag. Sånn sett er vi godt budde, for vi har spelt mot slike lag tre vintrar på rad, seier Solskjær.
Motstandaren frå byen Kazan nordvest i Russland er òg like mange russiske lag på eit anna vis.
– Det er eit lag som har brukt pengar, og det er eit godt fotballag. Dei har to frå det franske U21-landslaget, der Yann M'Vila blei kjøpt for store summar.
Før kampane seinare i månaden vil Molde og Solskjær analysere motstandaren inn og ut.
– Dei fleste av oss har sett litt på resultata, og så såg eg førre kampen deira mot Randers. I tillegg har eg sett kampen deira mot CSKA Moskva i serien. Så vi har eit bilde allereie, avsluttar Solskjær.
Håper på nye erfaringar
Molde var òg med i fjorårets Europaliga, men hadde håp om spel i den gjævaste turneringa i år. Det blei derimot med draumen, for
.Molde-manager Ole Gunnar Solskjær og klubben ser derimot opp og fram, for fjorårets erfaringar i Europaligaen var svært positive.
– Gruppespelet vi fekk med oss i Europa i fjor gjorde utruleg godt for dei fleste spelarane, for vi såg at vi hang med i alle kampane, sa Solskjær før møtet med Legia onsdag.
– Vi har lyst til Meisterligaen, men vi har langt meir sportsleg å gjere i Europaligaen, sa manageren vidare.
- Les også:
I fjor møtte Molde dansk, tysk og rumensk motstand i gruppespelet i Europaligaen. FC København, Stuttgart og Steaua Bucuresti gav Molde tøff kamp, og Molde enda sist, men dei blå og kvite seriemeistrane var aldri underlegne.
No står det igjen å sjå om laget på ny kan ta seg til gruppespelet. Kampane blir altså spelt 22. og 29. august.
Aktobe møter Dinamo Kiev
I tillegg til Molde er Tromsø framleis med i Europa. Dei møter tyrkiske Besiktas over to kampar. Strømsgodset rauk mot tsjekkiske FK Jablonec torsdag, medan Rosenborg rauk mot svake St. Johnstone frå Skottland.
FC Aktobe, som slo ut Hødd over to kampar, møter Dinamo Kiev over to kampar i Europaliga-playoff.
Over to kampar blei det 2–1 i favør Aktobe. Returmøtet mellom laga i Kasakhstan blei prega av visumnekten på to av Hødd sin mest sentrale spelarar i Sivert Heltne Nilsen og Akeem Latifu.
- Les også:
- Les også: