Kampreferat: Molde - Hønefoss 4-0
– Eg kan ikkje friskmelde oss enno, men vi skal ta mange, mange poeng framover, seier Molde-trenar Ole Gunnar Solskjær til NRK.
– Vi fikk første målet, det betydde mykje i dag. Då senka vi skuldrane, og spelarane fekk vist at dei er gode, seier ein glad Solskjær.
Denne gongen var det ingen tvil om at Ole Gunnar Solskjærs menn var best. I begge omgangane overkøyrde dei gjestene nesten totalt. Berre i dei aller første minutta hadde Hønefoss noko å by på.
Molde hadde full kontroll før pause, men leia berre 1–0 etter dei første 45 minutta.
– I dag skaut vi nesten like mykje som tidlegare i sesongen, sa Solskjær, som kan sjå lagte sitt over nedrykksstreken for første gong.
– Men vi er nok under streken igjen når runden er ferdigspela, legg han til.
Daniel Chima scora målet etter 12 minutt. Han stupte vakkert fram og heada presist inn Magne Simonsens overlegg -nigerianaren sitt første mål i år.
Avgjorde på 15 minutt
Hønefoss-trenar Leif Gunnar Smerud meinte det var noko dødt over hans lag.
– Etter at dei fekk første målet, fekk vi ikkje til noko, sa Smerud.
– Det verka ikkje som om vi var på i denne kampen. Det skuldast nok ein kombinasjon av at Molde var giode og vi var dårlege, seier han til NRK.
– Dette er vår dårlegaste omgang på lenge, og vi skal vere sjeleglade for at det berre står 1–0. No har vi framleis ein sjanse, sa Hønefoss-trenar Leif Gunnar Smerud til C More i pausen.
Men det gjekk ikkje på noko måte Smeruds veg. For i løpet av det første kvarteret i andre omgang punkterte Molde kampen med tre mål.
Først smelte Magnus Wolf Eikrem til frå 20 meter, heilt i vinkelen. Dermed 2-0, og då var kampen utanfor rekkjevidd for gjestene.
Då Zlatko Tripic sette inn 3-0, også det frå rundt 20 meter, var poenga iallfall i boks.
Endeleg over nedrykksstreken
Og som om ikkje det var nok: Få minutt seinare var Chivu på ferde igjen. Han avslutta ein dribleserie med å setje inn 4–0.
Med sigeren er Molde for første gong på lenge over nedrykksstreken i eliteserien.
For Hønefoss vart dagen trist. Ikkje berre vart dei avkledde av Molde, dei mista også både Alexander Groven og Riku Riski med skade. Riski måtte bærast av bana i sluttminutta av kampen.