Molde-trenaren: – Det er lenge sidan eg har vore så sint

Molde rasa etter at dei meinte dei vart snytt for tre straffer i sluttminutta i 0-1-tapet for Haugesund i kveld.

Tommy Høiland og Dusan Cvetinovic

KONTOVERSIELT: Tommy Høiland er nesten gjennom, men blir hindra av Dusan Cvetinovic og vil ha straffe. Men dommaren var av ei anna meining

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix
Arve Lote byline
Journalist
Laster innhold, vennligst vent..

Tommy Høiland var mannen som vart felt i den første og den siste av dei tre situasjonane. Han var ikkje det minste i tvil:

– Alle tre var klare straffer. Men vi hadde nok sjansar til å snu kampen likevel, så vi har vel berre oss sjølv å takke, sa Høiland til NRK.

Molde-trenar Tor Ole Skullerud var skuffa og frustrert. Han var skråsikker på at iallfall dei to første situasjonane kvalifiserte til straffe.

– Det er lenge sidan eg har vore så sint, seier han til NRK.

3 x rop om straffe

Tor Ole Skullerud

SKUFFA: Tor Ole Skullerud har som trenar aldri slått Haugesund. Det skjedde ikkje i kveld heller

Foto: Svein Ove Ekornesvaag, Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Om ikkje det er straffe, er det ingenting som er straffe, sa Skullerud til TV 2 Zebra om den første situasjonen. Tommy Høiland vart hindra då han sprang mellom midtstopparane.

– Det er klar straffe i mitt hovud, sa han om den andre. Joona Toivio vart hekta godt inne i feltet.

– Den er eg usikker på, seier han om det tredje. Høiland vart igjen lagt i bakken.

Før han legg til:

– Vi spela under pari, og vi hadde ein dommmar som var under pari.

– Kva sa du til han?

– Lite. Vi ventar litt og roar oss ned, så snakkar vi saman etterpå.

Heller ikkje Haugesund-trenar Jostein Grindhaug var samd med dommaren. Han vedgjekk at iallfall den andre av dei tre situasjonane, truleg også den første, burde gitt Molde straffe.

– Vi var heldige denne gongen, sa Grindhaug, som såg sitt lag forsvare leiinga i 82 minutt.

– Men det smakar godt med tre poeng, la han til.

Haugesunds keeperhelt

Simon Diedhiou scorer

1-0: Her set Simon Diedhiou kampens einaste mål, og Haugesund kan reise frå Molde med tre poeng for tredje år på rad. Ein fin presang til Diedhiou på hans 24-årsdag.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Uansett tok Haugesund alle poenga – for sjette gong på rad – og keeper Per Kristian Bråtveit var helten.

– Det var sinnsjukt deilig, sa han til TV2 Zebra etter kampen.

– Det er lenge sidan eg har halde nullen. Dette er kanskje den beste kampen min, sa Bråtveit.

Haugesund tok leiinga allereie etter åtte minutt. David Myrestam spela Simon Diedhiou gjennom, og han var iskald då han sette ballen forbi Ethan Horvath.

Men det var keeperen i motsett bur som skulle bli kveldens hovudperson. FKH-keeper Per Kristian Bråtveit var høgt og lågt og tok alt.

– Større målsjanse enn straffe

Med eitt unntak: Tre minutt etter pause vart han parkert av Simon Svendsen. 17-åringen drog seg forbi alt og alle og skulle trille ballen i ope mål til utlikning. Men i den avgjerande augneblinken svikta konsentrasjonen, ballen gjekk i stolpen, og Bråtveit fekk kontroll like ved målstreken.

– Det finst sjansar som er større enn straffer, og dette var ein av dei, sa Drillo i TV 2 Zebra-studio.

I sluttminutta pressa Molde desperat, men utan dommarens medhald i straffesituasjonane fekk dei ikkje ballen i nota.

Fotballnyheter

Videoklipp

LSK Kvinner vant 2-0 over Røa i cupfinalen. Komm.: Christian Nilssen og Tom Nordlie.
Cupfinalen for gutter 19 mellom Vålerenga pg Molde måtte avgjøres med straffekonk. Komm.: Olav Traaen og Karl-Petter Løken.
Se målene fra kampen mellom Rosenborg og Bodø/Glimt her.
Rosenborg vant seriegullet da de vant fotballkampen mot Molde lørdag.