– Ja, på ein måte. Kanskje, svarer Molde-supporter Astrid Støle Morstøl når NRK spør om ho håper Rosenborg tek seriegull.
Bakgrunnen det litt sure håpet:
I år er det nemleg siste gong at laget som taper cupfinalen kan få spele kvalifisering til Europaligaen, dersom cupvinnaren også blir seriemeister. Enklare forklart: Om Molde taper cupfinalen mot Rosenborg, men RBK samstundes tek seriegull, får Molde spele Europaliga-kvalik neste år.
Neste år blir reglane endra av UEFA.
– Må tenkje på oss sjølve
No er det ikkje berre supporterar i Molde som håper at erkerivalen litt lenger nord blir seriemeister.
– Vinn Rosenborg forstår eg det slik at vi då kan tape cupfinalen om dei blir seriemeister, seier Molde-kaptein Daniel Berg Hestad.
Veteranen vil sjølvsagt ha cupgull, men det kan vere greitt med ein plan B for spel i Europa.
– Sit det langt inne å håpe at Rosenborg blir seriemeister?
– Nja, men vi må tenkje på oss sjølve, slår Berg Hestad fast til NRK.
Likegyldig manager
For seriegull er ikkje ei moglegheit, og sjølv medalje ser ut til å bli tøft med fem kampar igjen av årets Eliteserie.
Molde-manager Ole Gunnar Solskjær vil derimot ikkje seie at han håper på RBK-gull.
– Vi har ikkje sjanse til å ta gullet sjølv, så då er det eitt feitt for min del eigentleg.
No håper både Solskjær og resten av Molde på cupgull, samstundes som svært mange i Molde håper cupfinalemotstandaren og erkerivalen tek seriegullet.