Solskjær: – Vi skal berre bli betre og betre

BYÅSEN (NRK.no): Det blei aldri spennande då Byåsen tok imot Molde til 2. runde-kamp i NM. Etter 90 minutt cruisa eliteseriejumboen inn til 5-1-siger.

Ole Gunnar Solskjær

Ole Gunnar Solskjær var meget fornøyd over lagets innsats i snødrevet mot Byåsen.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

Dermed er Molde klar for 3. runde av NM 2013, trass i Byåsen-håp om vinnarsjansar.

– Når du scorar så tidleg som vi gjer, så senkar vi skuldrene, seier Solskjær til NRK.no.

Sødahl mot Hussain

Byåsen-spelar Espen Sødahl (t.v.) i duell med Molde-spelar Etzaz Hussain. Hussain opna kampen med 0-1.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

Tok tak frå første minutt

Heilt i byrjinga av kampen prøvde Byåsen seg, men det viste seg tidleg at 2. divisjonslaget hadde lite å stille opp med.

Divisjonsforskjellen gjorde seg tidleg gjeldande, for allereie etter seks minutt kom 0-1. Jo Inge Berget slo inn til Etzaz Hussain som enkelt sette inn leiinga.

Etter 13 minutt gjorde Byåsen det ekstra vanskeleg for seg sjølv, då Byåsen-spelar Håvard Karlsen var uheldig og sette ballen i eige nett.

Molde gjorde det dei trengte, og flaut lenge på 2-0-leiinga. I det 38. minutt kom 0-3 då Martin Linnes banka ballen i mål bak Byåsen-keeper Christopher Tronhus.

– Cupen er viktig for oss. Vi har ambisjonar om å komme til Ullevaal, seier Solskjær.

Redusering til lita nytte

Kampen var så å seie avgjort halvvegs, men Byåsen stod på og prøvde tidleg i andre omgang.

Sjølv etter 0-4 signert Daniel Chima stod heimelaget på. Etter 61 minutt kom scoringa, då Øyvind Alseth frå 20 meter laga 1-4 med eit perfekt skot.

– Det er eit lyspunkt at eg scorar, men det blir overskugga av at vi blir såpass rundspelt, seier Alseth.

I det 85. minutt fastsette Agnaldo sluttresultatet til 1-5.

– Vi skal berre bli betre og betre. Vi har vist før at vi kan vekse i løpet av ein sesong, slår Solskjær fast.

Fotballnyheter

Videoklipp

LSK Kvinner vant 2-0 over Røa i cupfinalen. Komm.: Christian Nilssen og Tom Nordlie.
Cupfinalen for gutter 19 mellom Vålerenga pg Molde måtte avgjøres med straffekonk. Komm.: Olav Traaen og Karl-Petter Løken.
Se målene fra kampen mellom Rosenborg og Bodø/Glimt her.
Rosenborg vant seriegullet da de vant fotballkampen mot Molde lørdag.