Moa er årets spelar

Mohammed Abdellaoue blei sundag kåra til årets spelar for andre året på rad under NISOs spelargalla.

Mohammed Abdellaoue

Hannovers norske storscorar fekk utmerkinga «årets spelar» på NISO-gallaen.

Foto: OLLI HARDT / Afp

Spelarane som er medlem i NISO stemte fram prisvinnarar i ulike kategoriar.

Mohammed Abdellaoue blei ikkje uventa kåra til årets spelar. I kategorien var også Brede Hangeland og Tom Høgli nominert.

Landslagsspissen står med åtte scoringar på ni kampar i Bundesliga så langt i år. Førre sesong sette han ti scoringar på 26 kampar i same liga.

– Eg må bare seie tusen takk til alle dei som har stemt. Dette er andre året på rad eg får prisen, noko eg set stor pris på, seier Moa til TV2.

Årets spelar i eliteserien blei Branns jamaicanske midtbanemotor, Rudolph Austin.

– Det var noko eg verkeleg sette pris på. At ein blir heidra av spelarane slik, det varmar skikkeleg. Eg har hatt ein god sesong i Bergen og trivst godt i byen, fortel han til FotballMagasinet.

Her er lista over prisvinnarane:

Årets spelar:
Mohammed «Moa» Abdellaoue (Hannover)

Årets profil:
Carl-Erik Torp (Brann)

Årets spelar – kvinner:
Elise Thorsnes (Røa)

Årets spelar i eliteserien:
Rudolph Austin (Brann)

Årets spiller i 1. divisjon:
Morten Eriksen (Sandnes Ulf)

Årets unge spelar – menn:
Magnus Wolff Eikrem (Molde)

Årets lag:

Keeper: Espen Bugge Pettersen (Molde)

Forsvar: Lars-Christopher Vilsvik (Strømsgodset), Brede Hangeland (Fulham), Even Hovland (Sogndal), Tom Høgli (Club Brugge)

Midtbane: Magnus Wolff Eikrem (Molde), Rudolph Austin (Brann), Pontus Farnerud (Stabæk), Ruben Yttergård Jensen (Tromsø)

Angrep: Mohammed Abdellaoue (Hannover), Mostafa Abdellaoue (Tromsø).

Årets unge spelar – kvinner:
Ada Hegerberg (Kolbotn)

Årets mål:
Peter Orry Larsen mot Vålerenga (Aalesund)

MOT-prisen:
Kristoffer Paulsen Vatshaug (Molde)

Fotballnyheter