– Vi bør få oss slike scooterar i Mjøndalen også, ler Rhett Bernstein.
Matchvinnaren i sigeren over Rosenborg står utanfor supporter-puben Vålerenga vertshus på Oslo aust.
I ein samtale med VIF-supportarane får 27-åringen brått tilbud om prøvekøyre den vesle mopeden kledd i Vålerenga-fargar.
– Eg har aldri prøvd ein slik før, ler amerikanaren, før han slenger på seg hjelmen og gassar bortover gata.
– Eg er alt for redd til å seie noko. Hugs at du har ein kamp på laurdag, seier pappa Colin.
(Artikkelen held fram under bildet)
– Alt er mogleg no
Han har tatt den lange turen frå San Diego i California for å følge sonen nokre dagar i Norge.
Onsdag såg han avkommet sende Mjøndalen til himmels med to mål mot Rosenborg.
Det siste målet kom på overtid og blei den avgjerande scoringa då Rosenborg blei slått 3-2 heime i Mjøndalen.
16. mai møter bruntrøyene Oslos stoltheit på Ullevaal stadion.
NRK tok med far og son Bernstein på sightseeing på Vålerenga før oppgjeret og hamna til slutt på eit bord inne på vertshuset.
Mens faderen tok ein øl, blei det vatn på sonen.
– Eg trur det kan bli ein spennande kamp for oss. Vi har vist at vi kan vere på eit høgt nivå, og kanskje vinne kampen. Alt er mogleg for oss no, seier Rhett Bernstein til NRK.
(Artikkelen held fram under bildet)
Ingen superstjerner
Sjølv om pappa Colin bur over 860 mil unna, eller 8600 kilometer, har han ei klar oppfatning om kva som er oppskrifta bak Mjøndalens hittil gode poengfangst (12 poeng etter 8 serierundar).
– Dei rykka opp saman og har difor samme nivå av begeistring. Dei har ikkje kjøpt nye «superstjerner», difor jobbar alle godt saman. Det er grunnen til at dei har gjort det så bra, meiner pappa Bernstein.
– Det viktigaste i Mjøndalen er kameratskapet. Vi krev mykje av kvarandre på ein positiv måte, seier Rhett, som meiner trenaren Vegard Hansen har vore viktig.
– Han har har fått inn ein mentalitet som seier at vi skal kjempe til siste slutt. Vi skal blokkere skot, vi skal trakke til i duellane og vi skal ta dei rette beslutningane på bana, fortel Bernstein, som er klar til å score igjen på fotballens festdag.
– Dersom målet ikkje kjem mot Vålerenga så prøvar eg igjen i neste kamp.
– Men det viktigaste er å vinne kampen og halde nullen bakover. Dersom eg scorar, så er det berre ein bonus, seier Rhett Bernstein.