Mislikar livet utan Barrantes

ÅLESUND (NRK.no): Aalesund må klare seg utan midtbanestjerna Michael Barrantes i minst tre seriekampar. Det får ikkje Henrik Hoff til å sprudle over av glede ...

Jönsson og Barrantes

Michael Barrantes har vore ein av AaFK-trenar Jan Jönsson sine viktigaste spelarar så langt i sesongen. No må han klare seg utan han i minst tre kampar.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Henrik Hoff

Henrik Hoff er ikkje overlukkeleg for kanskje heile juli månad utan Michael Barrantes.

Foto: Terje Reite / NRK

– Vi mistar han uansett borte mot Start no på søndag, heime mot Sogndal og borte mot Haugesund 14. juli, fortel administrerande direktør i Aalesund, Henrik Hoff, til NRK.

Om AaFK skulle ha maks uflaks, og Michael Barrantes og Costa Rica skulle ha maks flaks, vil midtbanespelaren miste heimekampen mot Sandnes Ulf 27. juli òg.

Barrantes deltek nemleg i CONCACAF (Confederation of North, Central American and Caribbean Association Football) Gold Cup. Turneringa er for Nord-Amerika, Sentral-Amerika og Karibia, det eit EM er for Europa. Meisterskapen blir spelt i USA.

– Han blir til 28. juli om Costa Rica kjem til finalen, seier Hoff.

Barrantes

Michael Barrantes har vore ein stor del av AaFK dei siste åra.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

– Passar ikkje alltid like godt

I årets sesong har Barrantes kanskje vore AaFK sin beste så langt.

– Det er klart at vi ikkje likar å miste han. Men Gold Cup står på Fifa si terminliste, og då har vi ikkje noko val når landslaget kallar dei inn.

Hoff slår fast at både han og Aalesund Fotballklubb er svært glade for at Barrantes får delta i landslagsfotballen.

– Vi er glade for han «Mike». Dessverre passa ikkje meisterskapen perfekt saman med Eliteserien denne gangen, slår AaFK-direktøren fast.

Hamdallah tilbake

Hadde Jamaica delteke i CONCACAF Gold Cup hadde Demar Phillips, Tremaine Stewart og Jason Morrison vore aktuelle.

– Men Jamaica er ikkje med, og uansett er Jason langtidsskadd og Demar og Tremaine har vore skadde, seier Hoff.

Sjølv om Barrantes ikkje blir med i kanskje heile juli, trur den administrerande AaFK-direktøren at andre vil vise seg. I tillegg er det greitt med fleire spelarar tilbake frå skade.

– Ja, det hjelper godt på. Orry er tilbake og no er han Hamdallah også tilbake etter karantene. Så vi stiller slagkraftig mot Start.

Fotballnyheter