Kampen slutta 1-1 trass enormt Barca-køyr mot slutten. Dermed må katalanarane score mot den spanske serieleiaren i returkampen i Madrid i neste veke.
Det trur Barcelonas veteran at dei kan.
– Vi skal vinne borte
– Kampen utvikla seg omtrent slik vi venta, seier Barcelonas midtbanespelar Xavi, som spela sin meisterligakamp nummer 140.
– Vi hadde det meste av spelet og dei fleste sjansane. Men dei gjorde ein god defensiv jobb, og scora eit flott mål. Dette er ikkje eit godt resultat for oss, men eg trur vi skal vinne returkampen, seier Xavi.
– Det er ikkje sikkert 1-1 er godt nok for Atletico. Barcelona er gode også på bortebane, og kanskje hakket kvassare, sa Rune Bratseth i Viasats studio. Han trur Barcelona går vidare likevel, trass det vesle vonbrotet på heimebane.
Kanonskot av innbytaren
Innbytar Diego vart dagens mann for gjesten frå den spanske hovudstaden. Ti minutt etter pause løyste han eit overraskande og velplassert lanmgskot. Jose Pinto i Barcelonas mål rakk ikkje fram før kula sneik seg inn i vinkelen. Dermed eit uvurderleg bortemål for Atletico.
Barcelona utlikna ved Neymar eit kvarter seinare. Han vart flott frispelt av Andres Iniesta, stakk bak ryggen på ein Atletico-forsvarar og la ballen i lengste hjørne.
Dermed enda også det fjerde møtet mellom desse to laga denne sesongen uavgjort, som dei tre andre har gjort. Dei skal også møtest i siste serierunde i ein kamp som kan avgjere det spanske seriemeisterskapet.
Men først skal dei møtest i returkamp neste veke.
Tidlege byte
Berre 12 minutt ut i kampen måtte Barcelonas rutinerte midtstoppar Gerard Piqué gi seg.
Og før halvtimen var omme, måtte også Atleticos toppscorar Diego Costa hinke av banen med ein strekk.
– Det var nok ikkje så lurt å la han spele i dag. Det hadde vore betre å ha ein frisk Costa til returen, no kan han vere ute både i returen og viktige ligakampar, sa Strømsgodsets trenar Ronny deila i TV-studio.
Tidlege Villa-sjansar
Atletico opna best, og David Villas vending og skot etter berre seks minutt kunne - og kanskje burde - gitt gjestene leiinga og bortemål.
Etterkvart tok Barcelona over kommandoen, men det var langt mellom sjansane. Atletico tetta godt att bak, og hadde god kontroll på Barcas avsluttarar. Men det kosta, Atletico fekk tre gule kort i første omgang.
Kampbiletet var langt på veg det same etter pause, men etter Atleticos leiarmål skrudde Barcelona opp farten endå meir.
Det gav 1-1, og dei siste 20 minuttane av kampen føregjekk så å seie i heilskap på Atleticos banehalvdel. At Barca ikkje fekk sigersmålet har keeper Thibaut Courtois mesteparten av æra for. Fleire av hans redningar i sluttminutta var det klasse over.
Dermed vart det aldri noko sigersmål for Barcelona, og derfor får dei ein stri jobb i returen i Madrid nest onsdag.