Klubben i Serie A er inne i ein elendig sesong, og ligg heilt nede på 11. plass. Dei er 30 poeng bak serieleiar Juventus.
Mindre enn eitt døgn etter tapet, skriv klubben på sine nettsider at Allegri har fått sparken med direkte verknad.
Trass ei tidleg 0–2-leiing for Milan, kunne dei ikkje hindra tenåringen Domenico Berardi i å scora alle fire måla for Sassuolo, som til slutt altså vann 4–3.
Tassotti får hovudansvaret
Allegri tok over klubben sommaren 2010, og vart seriemeister på fyrste forsøk. No skal assistenttrenar Mauro Tassotti ha hovudansvaret fram til dei finn ein erstattar.
AC Milan har berre vunne fem av dei 19 fyrste kampane i sesongen.
I meisterligaen har det gått noko betre for storklubben. Der har dei teke seg vidare frå gruppespelet, og er klare for 1/8-delsfinalen kor dei møter Atlético Madrid.
Åtte har fått sparken
I fylgje The Telegraph er Filippo Inzaghi den fyrste favoritten til å ta over. Andre Villas-Boas skal vera ein annan kandidat.
Allegri er langt frå fyrste trenar som får fyken i Serie A denne sesongen. Så langt har åtte trenarar fått sparken.