Chelsea-spelar John Obi Mikel får ikkje vere med når Nigeria skal spele i den afrikanske meisterskapen.
Den tidlegare Lyn-spelaren har blitt ein kasteball i ein konflikt mellom arbeidsgjevar Chelsea og det nigerianske fotballforbundet.
London-klubben hevda 20-åringen fekk behandling for ein strekkskade, men nekta å la spelaren bli undersøkt av ein representant for det nigerianske forbundet.
- Fordi Mikel prioriterar klubb føre land, kan vi ikkje gjere anna enn å ynskje han lukke til i framtida, seier talsmann Ademola Olajire til BBC.
Mikel fekk ikkje vere med i troppen til trenar Bertie Vogts då laget slo Niger 3-1 forrige helg. Han har heller ikkje vore villig til å spele for det nigerianske U-23- landslaget.
- Landslagssjefen sa før kampen mot Niger at Mikel ikkje hadde vist teikn til å ville spele for landslaget, difor fekk han ikkje vere med, held Olajire fram.
- Sjefen for U-23- laget er flau på vegne av Mikel. Han var stjerna under ungdoms-VM for to år sidan. No har han mista all respekt og interesse for sitt eige landslag, avsluttar talsmannen