Forsvaret er Mexicos styrke. Før Kroatia-kampen hadde dei 1-0 på to kampar, rettnok med to mål bortdømt mot Kamerun i opningskampen.
Men så losna det. Tre mål på ti minutt, og Kroatia kollapsa heilt. Mexico såg gruppesigeren nærme seg. Det heldt ikkje, men avansementet var sikra.
Det sette den meksikanske trenaren synleg pris på. Ansiktsuttrykket og kroppsspråket nede i det tekniske området ved trenarbenken fortalde alt.
Og kampen bidrog til den mest målrike dagen i VM så langt – 14 scoringar på dagens fire kampar.
Mot Nederland i åttedelsfinalen
At Kroatia reduserte, betydde ingenting. Ikkje at Mexico vart snytt for ein klokkeklar straffe heller. Og heller ikkje at Kroatias Ante Rebic fekk raudt kort for å ha sett knottane i leggen på ein motstpelar.
Neste kamp blir verre. Nederland ventar i åttedelsfinalen.
Vinnaren av denne kampen ville uansett gå vidare, Mexico med uavgjort. Men Mexico var best i kveld.
Småamper stemning
Første omgang endte mållaus, men slett ikkje utan innhald. Begge lag skaut friskt – Mexico var farlegast, og Hector Hereras dommedagsskot som small i krysset den farlegaste.
Stemninga vart etterkvart litt småamper. Det kom berre til to gule kort før pause, men den usbekistanske dommaren måtte tett og ofte hindre spelarane i å gå laus på kvarandre.
Andreomgang forsterka tendensen: Mexico låg lågt, men skapte stadig overgangar som var langt farlegare enn det Kroatia makta.
Midt i omgangen vart Mexico snytt for straffe. Srna tok fram keeperkunstar i blokkeringa av skotet frå Andres Guardado. Men det såg ingen av dommarane.
Tre mål på ti minutt
Rafael Marquez sprengde nullen då han skalla inn Mexicos første, Andres Guardado dobla tre minutt etterpå, og Javier Hernandez det tredje etter 82 minutt.
Gruppesigeren glapp fordi Brasil scora fleire, og fordi Ivan Perisic vart førstemann til å lure Stipe Pletikosa i årets VM. Men det var for seint, Kroatia er ute.
Video: Høgdepunkt frå kampen:
Video: Mexico tar leiinga
Video: 2-0 til Mexico
Video: Mexicos tredje mål
Video: Her reduserer Kroatia
Video: Kroatia får ruadt kort