Det skal dreie seg om unndraging av skatt for fire millionar euro (over 30 millionar kroner) i åra frå 2006 til 2009, skriv Forbes Magazine, som siterer kjelder i Kartalonias utgåve av økokrim.
Lionel Messi er ei av dei best betalte idrettstjernene i verda. Ifølgje Forbes har han ei årsløn på rundt 125 millionar kroner i Barcelona, og minst like mykje frå sine private sponsorar.
Via eit nettverk av selskap i Urtuguay, Belize, Sveits og Storbritannia skal sal av bruk av Messis namn i ulike samanhengar medvite ha vore halde skjult for spanske skattestyresmakter, meiner etterforskarane.
Far og son Messi risikerer inntil fire års fengsel om dei er kjende skuldige i tiltalen, ifølgje spansk lov.
Barcelona har ikkje kommentert saka i dag. Men Messi sjølv har kommentert saka på Facebook.
– Vi har høyrt via pressa om klagen som er levert av spanske skattestyresmakter. Vi er overraska, fordi vi har aldri gjort noko straffbar handling. Vi har alltid tatt vare på våre skatteplikter etter råd frå våre skatterådgivarar som kjem til å avklare denne situasjonen, skriv Messi på si Facebook-side.