NRK Meny
Normal

Meiner Hareide er ønska som dansk landslagssjef

KÖBENHAVN/OSLO (NRK): Åge Hareide blir lansert som ein av kandidatane til å overta det danske landslaget. Tom Høgli meiner Hareide er rett mann for jobben.

Åge Hareide

KAN BLI DANSK LANDSLAGSSJEF: Åge Hareide er på Danmarks shortlist over namn på Morten Olsens etterfølgjar, seier dansk journalist

Foto: Drago Prvulovic/TT / NTB scanpix

Hareide sjølv vil ikkje kommentere dette.

– Men det skal noko til for å lokke meg vekk frå Malmö no, seier han.

Morten Olsen gir seg som landslagssjef for Danmark etter EM, eller etter kvalifiseringa dersom Danmark ikkje når sluttspelet. Dansk Boldspilunion (DBU) er allereie på jakt etter etterfølgjaren.

Gisle Thorsen er journalist i Ekstrabladet, og han har vore tett på landslaget lenge.

– Og der er Hareide på lista, seier Thorsen til NRK.

DBU: – Ingen kommentar

Morten Olsen

GÅR AV: Morten Olsen har ført Danmark til fire sluttspel sidan 2000

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

NRK har også kontakta DBU, som ikkje vil kommentere saka.

– Vi kjenner han også frå tida som trenar i Brøndby, han har gjort det godt i svensk fotball tidlegare, han har gjort det godt norsk fotball, og han har erfaring som landslagstrenar. Han kan skandinavisk fotball, han er karismatisk, og han har fått resultat. Han har mange av dei kvalitetane som DBU er ute etter, seier Thorsen.

Hareide har også sagt at ein slik jobb kan vere interessant, minner Thorsen om.

- Godt alternativ

Landslagsspelar Tom Høgli, som til dagleg spelar i FC Köbenhavn, er overbevist om at Hareide er rett trenar for Danmark.

– Han har vore trenar i Brondy, så han veit mykje om dansk fotball og Danmark veit om han. Det vil naturlegvis være eit godt alternativ for Danmark, det er eg hundre prosent sikker på, seier Høgli til NRK.

BTs sportsredaktør Jacob Staehelin meiner Hareide absolutt kan være ein kandidat hos forbundet, men han meiner alderen spelar mot Hareide (61).

– Ståle Solbakken er ein meir opplagt kandidat, men den siste perioda i FCK har ikke vore så suksessrik. Og Ståle har sagt til meg at han tror det er vanskelig for Danmark å ha en norsk landslagssjef, sier Staehelin og peker på Mainz-trener Kasper Hjulmand som sin heteste kandidat.

Saka held fram under video.

Åge Hareides suksess i Sverige har gjort Malmø-sjefen til et ettertrakta trenernavn. Og nå nevner stadig flere sunnmøringen som en kandidat til å bli dansk landslagssjef.

Høyrer ikkje til «Drillo-skulen»

Danskane har tradisjonelt ikkje hatt serleg mykje til overs for norske trenarar, noko som fleire gonger toppa seg i krangel mellom Morten Olsen og Egil Olsen. Det var der «fjeldabe-begrepet» oppstod.

– Men det trur eg ikkje betyr noko. Hareide høyrer ikkje til ikkje Drillo-skulen, og han har gjort det godt i Brøndby tidlegare, seier Thorsen i Ekstrabladet og trekker frem Ståle Solbakken som ein anna solelkar kandidat.

Stort press

Uansett vil Morten Olsens etterfølgjar få eit stort press på seg. Olsen har ført Danmark til to VM og to EM sidan han vart landslagssjef i 2000.

– Klart ein slik jobb vil vere ei utfordring. Men eg hadde ei fin tid i Brøndby, og det er som kjent deilig å vere norsk i Danmark, seier Hareide til NRK.

– Har du lyst på jobben?

– Det er mykje ein kunne ha lyst til, og når det går godt, blir det alltid rykte, og rykte vil eg ikkje kommentere. Eg trivst svært godt i Malmö, seier Hareide unnvikande.

Fotballnyheter