NRK Meny
Normal

Møller Dæhli: – Fantastisk deilig å vere tilbake

Mats Møller Dæhli er friskmeldt og spelte sin første fotballkamp sidan mars. No melder han seg også til teneste for landslagssjef Per-Mathias Høgmo.

Mats Møller Dæhli

Mats Møller Dæhli er endeleg tilbake på fotballbana og melder seg klar for spel for Norge. Her frå EM-kvalifiseringskampen borte mot Aserbadjan i november 2014.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Mats Møller Dæhli 2

Sist gang Møller Dæhli var i aksjon i ein viktig fotballkamp var for Norge borte mot Kroatia 28. mars. Sidan den gangen har 20-åringen kjempet seg tilbake frå jumpers knee-skaden.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Det er fantastisk deilig å vere tilbake. Det har gått mykje fortare enn eg trudde. Både fysioterapeuten på landslaget, Thomas Ødegaard og fysioterapeuten i Freiburg har vore fantastiske. Dei har verkeleg hjelpt meg med å kome tilbake så fort, seier Mats Møller Dæhli til NRK.

Spelte sist for Norge

For Oslo-guten har slitt med såkalla jumpers knee og har brukt våren og sommaren til beinhard opptrening heime i Oslo og deretter i Tyskland.

Med god hjelp frå landslagets medisinske støtteapparat og Freiburg har midtbanespelaren kjempa seg tilbake.

For no er han skadefri og blei bytta inn dei siste 20 minutta då Freiburg tapte 3-1 heime mot Bochum i 2. Bundesliga laurdag ettermiddag.

Laster innhold, vennligst vent..

– Med tanke på korleis det såg ut for 5-6 månader så er det veldig bra. At eg allereie no kan spele 30 minutt utan problem er eg veldig fornøgd med, seier 20-åringen vidare etter sin første fotballkamp på nesten fem månader.

Sist gang den tidlegare Englands-proffen var i aksjon i ein viktig kamp var for Norge i EM-kvalifiseringskampen mot Kroatia 28. mars.

For Freiburg må vi heilt tilbake til byrjinga av februar for å finne den teknisk gode midtbanespelaren i startoppstillinga.

Då er det ikkje rart at guten smiler frå heimen sin sør-vest i Tyskland. Sjølv om kampformen ikkje er heilt på topp.

Vi tilbake for Norge

– Det er jo veldig lenge sia eg spelte kamp så eg treng å kome meg i kampform. Noko fungerte veldig bra, mens andre ting var meir rustent, men det var veldig deilig og kroppen føles veldig bra. Eg har trent godt og er veldig «happy» med korleis ting har gått, sier Møller Dæhli til NRK.

Like fornøgd var han ikkje med laurdagens tap, der Freiburg i tillegg fekk to mann utvist i andre omgang.

Fem minutt før Møller Dæhli blei bytta inn blei Freiburg sin høgreback Mensur Mujdza utvist. Og like før slutt blei også Marc Torrejon sendt i garderoben.

Bochum tok leiinga like etter det første raude kortet.

– Det var veldig kjedelig med den første utvisninga. Det endra kampbildet og vi blei litt for baktunge etter det, seier Møller Dæhli, som i tillegg til å vere speleklar for Freiburg, også vil på bana for det norske landslaget igjen.

3. september er det viktig EM-kvalifiseringskamp borte mot Bulgaria i Sofia, før Kroatia kjem til Ullevaal stadion 7. september.

– Sånn eg er no så føler eg meg klar. Eg har sjølvsagt lyst til å vere med. Eg har lyst til å spele alt. No spørs det kor attraktiv eg er med tanke på at eg har vore ute i fem månader. Men det får vere opp til landslagsleiinga.

Eg har god kommunikasjon med dei, og dei veit godt at eg fekk mine første minutt no. Så vi får berre sjå. Det kjem jo an på korleis eg presterer framover, seier Møller Dæhli.

Fotballnyheter

Videoklipp

Se alle målene her.
Se alle målene her.
Se alle målene fra kampen mellom Manchester United og Basel.