Strømsgodset-trenar Ronny Deila hyllar sin unge juvel.
Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpixStrømsgodset-trenar Ronny Deila nølte ikkje eitt sekund med å hive 15-åringen innpå. Det sjølv om det stod 0–0 og var nesten 20 minutt igjen.
– Nei, han er god nok. Han har blikk og ein touch som er heilt fantastisk. Han er veldig unorsk, meinte Deila til C More etter kampen.
Martin Ødegaard har derimot ikkje proffkontrakt enno.
– Vi tenkjer ikkje så mykje på det, sa Godset-trenaren.
Byttet viste seg uansett å bli ein enorm suksess. For det var etter byttet at heimelaget scora både 1-, og 2–0 mot Aalesund.
Interesse frå heile Europa
Det er ikkje overraskande at 15-åringen søndag kveld blei tidenes yngste eliteseriespelar. Ødegaard har vore eit heitt namn i mange år.
– Det er sikkert 20 europeiske klubbar som har tatt kontakt, men vi har vore nøydde til å seie nei til dei fleste, sa Hans Erik Ødegaard, far til Martin, til NRK 28. mars.
- Les:
Han har besøkt mellom anna Manchester United, Bayern München og Borussia Dortmund.I tillegg har han takka nei til klubbar som Liverpool, Manchester City, Arsenal og Ajax.
For han er Strømsgodset-spelar, og mot Aalesund på Marienlyst laurdag debuterte han i eliteserien.
Saka held fram under video.
Teknisk briljant
Han kom i etter 72 minutt, og det var ingen ringare enn superveteran Péter Kovács (36) som fekk klappe 15-åringen på ryggen på veg ut.
Fem minutt seinare scora Øyvind Storflor 1–0 for Strømsgodset på frispark, men det var Ødegaard som stal fokus. I det 81. minutt slo han tunnel på AaFK-spelar Fredrik Ulvestad, til stormande jubel frå heimepublikummet.
Fullstendig uredd, med små pasningar og vakre detaljar tok han det øvste nivået i Noreg med storm. I det 90. minutt noterte han seg med assist.
Han dribla av to AaFK-spelarar, før ei litt heldig pasning nådde Thomas Sørum. Godset-spissen banka inn 2–0.
Ødegaard, født 17. desember 1998, var 15 år og 118 dagar gammal når han kom inn og herja på Marienlyst.
Zymer Bytyqi, som tidlegare var tidenes yngste eliteseriespelar, var 15 år og 260 dagar gammal då han debuterte for Sandnes Ulf 28. mai 2012.
Martin Ødegaard blei tidenes yngste spelar i eliteserien.
Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix– Eg var litt nervøs
Rett etter kampen fekk 15-åringen enormt med ros av kaptein Adam Larsen Kwarasey.
– Han har ei stor framtid føre seg. Han kjem inn og tilfører noko ekstra. Han får de sjå mykje av framover, gliste Strømsgodset-kapteinen direkte på C More.
Så kom Ødegaard sjølv.
– Det er utruleg moro å få vere med på dette, med dette laget her, smite han.
Den første kampen hans i eliteserien enda nær perfekt, og Ødegaard var fornøgd sjølv òg.
– Eg synest det gjekk greitt. Det var berre å prøve og gjere så godt eg kunne. Eg var litt nervøs, innrømma han.
40 heimekampar utan tap
15-åringen oppsummerte opplevinga som «utruleg morosamt». No håper han å få prøve seg fleire gonger i eliteserien.
– Forhåpentleg får eg vist bra spel. Forhåpentlegvis, sa den fornøgde 15-åringen, før han runda av med at det truleg blei litt feiring no.
Godset-sigeren over Aalesund blei i tillegg litt ekstra å feire. Det var nemleg heimekamp nummer 40 på rad utan tap.
– I dag er eg rett og slett kjempestolt av laget. Ein stor prestasjon, slo Deila fast etter kampslutt.
2-0-sigeren gjer at Strømsgodset no er åleine på topp etter tre serierunder. Sjå heile tabellen under: