Si din mening til Jan Åge Fjørtoft
Fotball er også ein idrett kor marginar avgjer kampar og trener – lagnadar.
Ikkje rart at Teitur Thordarson har gråe hår. (Foto Knut Falch / SCANPIX)
På Kråmyra klinar Jonny Hanssen ballen i vinkelen og ut, få minuttar seinare gjev Eirik Hoseth Ålesund leiinga 1 – 0, starten på ÅFK sin fyrste heimesiger for året.
På Ullevaal er Vålerenga og dos Santos heilt aleine gjennom mot Erik Holtan, men Holtan og ei dårleg avslutning hindrar VIF i å ta leiinga.
Åtte minuttar seinare byrjar Espen Hoff – showet, som for alvor sender Vålerenga inn i botnstriden.
Gråe i håret
Det er ikkje rart at trenarar blir gråe i håret, dersom dei ikkje mista det sist serierunde.
Eg tippar at leiinga i Lyn ser opp mot Tromsø og noterar seg kva som skjedde der etter at dei skifta trenar.
Men vi veit ikkje kva som står i Teitur si kontrakt i forhold til kompensasjon ved oppløysning av kontrakten og om Lyn i det heile teke har pengar til å eventuelt betale denne.
Det eg veit, er at det ikkje er mange klubbar som lar ein trenar sitte i fred etter 6 strake tap på rad med eit lag som i fjor fekk sølvmedalje.
Øystein Gåre er årets trenar, meinar Jan Åge Fjørtoft.
Skal vi tippe at Teitur denne veka trekk seg som trenar etter at Brynestad og han har blitt samde om eit kompromiss i forhold til økonomi?
Årets trenar
Åtte serierundar før slutt vågar eg meg til å kåre årets trenar.
Juryens grunngjevnad: Dei fleste såkalla ekspertane tippa laget til denne mannen bokstaveleg tala, nord og ned.
Han mista ein effektiv målskårar sist sesong og sat attende med ein gjeng som hadde blitt att i nord etter att Eldrebølgen blei teken av plakaten.
I tillegg har han klart å få unge spelarar til å sjå ut som garva Tippeliga - spelarar. Dei er like gode heime som borte og berre Rosenborg har slept inn færre mål.
Mine damer og herrar: Gi ein varm applaus til Bodø/Glimt – trenar, Øystein Gåre.