For ifølge NTB gjekk Liverpool på sitt styggaste ligatap sidan 1954 då Steven Gerrards avskjed enda med grufulle 6-1-tap borte mot Stoke.
– Supportarane har all grunn til å vere sinte. Ein skrekkeleg førsteomgang, seier Liverpool-manager Brendan Rodgers.
– Tar ansvaret
For til pause låg laget under heile 5-0 og det fekk Liverpool-fansen og ekspertar til å uttrykke sin frustrasjon og forbausing på sosiale medier.
Tidlegare Ham-Kam og Vålerenga-spelar Tom Henning Hovi gjekk så langt at han håpa manager Brendan Rodgers trakk seg som manager etter den pinlege første omgangen.
– Eg må som manager ta ansvaret. Det er mykje arbeid som må gjerast. Vi enda på sjetteplass og det er det vi fortjente, seier Rodgers vidare.
Han vedgjekk at klubben var flaue etter femmålstapet.
– Dersom eigarane vil ha meg vekk, forsvinn eg. Så enkelt er det, men eg føler eg har mykje å gje her. Men prestasjonar som i dag hjelper deg ikkje, seier Rodgers.
Tidenes verste omgang
Det er kanskje ikkje ofte tidlegare managerar utrykkjer seg klart på Twitter, men Roy Evans gjorde akkurat det etter den famøse første omgangen.
Evans var manager for klubben frå 1994 til 1998 og beskreiv elendigheita med berre med eitt ord.
Mållaus!
Fotballekspert Morten Langli stilte spørsmålet om fem innslupne mål var den verste omgangen i Liverpools historie.
Og svaret er ja. For første gang i Premier League-historia slapp Liverpool inn fem mål i løpet av ein førsteomgang.
Sjå resultatar og tabell nederst i saka.
– Verdig avskjed
For det blei betre etter pause, sjølv om det til slutt enda med katastrofesiffer.
Steven Gerrard reduserte då han blei spelt aleine gjennom og satte ballen kontant forbi Stoke-keeper Asmir Begovic.
Men fire minutt før slutt før slutt nikka Peter Crouch inn den sjette scoringa etter at han fekk stå mutters aleine i feltet.
Sjølv om han scora i sin siste kamp, vil kanskje mange Liverpool-fans meine at han fekk ein lite ærefull avskjed med klubben.
BBC-programleiar Gary Lineker meiner likevel at 34-åringen kan gå med hovudet heva etter at han putta sitt niande seriemål i sin siste kamp. Han blei dermed toppscorar for klubben i årets sesong.
– Steven Gerrard har scora i sin siste Premier League-kamp. Ein passande finale for ei brilliant fotball-maskin, skriv Lineker på Twitter.
Sparka manageren
Den siste serierunden i England var mest prega av om det var Hull eller Newcastle som skulle rykke ned.
Hull måtte vinne for å berge plassen, samtidig som Newcastle måtte avgje poeng.
Men det blei «berre» 0-0 heime mot Manchester United.
Newcastle vann 2-0 heime mot West Ham etter scoringar av Moussa Sissoko og Jonas Gutierrez.
Klubben kunne dermed puste letta ut etter det som må kallast ein heilsvart sesong.
Like etter kampen fekk West Ham-manager Sam Allardyce sparken sjølv om han førte klubben til ein 12. plass på tabellen.