– Ja, Skatteverket har antyda at inntektene kan bli rekna som bedriftsinntekter og skal skattast ut frå det, seier Malmös styreleiar Håkan Jeppsson til
.Hittil har Åge Hareides klubb trekt inn over 110 millionar svenske kroner på meisterligaeventyret, og meir blir det med heimekampar mot Juventus og Atlético Madrid å sjå fram til.
I klubbens første heimekamp i meisterligaen nokosinne i går
og sikra seg ni millionar kroner for sigeren.Selskapsskatten i Sverige er på 22 prosent. Det betyr skatt på nærmare 25 millionar kroner så langt. Og inntektene og skatten kan bli dobla før meisterligaeventyret er over.
Malmö Fotbollsförening er ei ideell foreining, altså å rekne som eit idrettslag i tradisjonell betydning. Dermed blir dei normalt ikkje skattlagde.
Men mesiterliga-inntektene er så store at det svenske Skatteverket likevel meiner dei skal betale skatt av inntektene. Og då blir det fort millionar.
– Dette er noko nytt som Skatteverket ikkje har gjort før. Regelverket er komplisert, og ikkje eingong dei veit kva som skjer. Men som forretningsdrivande veit eg at dei prøver seg heile tida, seier Jeppsson.
Reklame- og tv-inntektene til klubben blir ikkje skattlagde.
– Nei, det gjeld ikkje mediepotten, berre reine premiepengar. Det er inntekter vi ikkje har hatt før, seier Jeppsson.